Bidreg med millionar for å stoppa plastsvinn frå fotballbanar
Klubbar kan søkja NFF om opptil 50.000 kroner i stønad for å dekkja kostnadene ved innkjøp av granulatfangar og filter.
Det er Sparebanken Vest som har lagt store midlar på bordet for å bidra til å hindra at granulat og mikroplast kjem på avvege frå dei mange idrettsanlegga på Vestlandet. Klubbar blir oppmoda om å nytta høvet til å få oppgradert sitt anlegg.
– Vi applauderer Sparebanken Vest sitt initiativ for miljøet og naturen kring. Kunstgrasbanar med innfyll er per i dag det suverent beste underlaget, men miljøproblemet med mikroplast tek vi på største alvor, og vi ønskjer å gjera alt vi kan for å redusera, og aller helst stoppa, eit kvart tilfelle av plastsvinn frå banene. Vi håpar no at klubbane som brukarar, og mange stader eigarar, ønskjer å bidra til dette og nyttar sjansen, seier Knut Berge, dagleg leiar i NFF Hordaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit eige informasjonsskriv frå NFF skal ha blitt send ut til alle klubbar med rettleiing om korleis dei kan gå fram for å få økonomisk stønad til tiltak.
Mikroplast på avvege frå kunstgrasbanar har fått mykje kritisk fokus dei siste åra, og Sparebanken Vest legg no fire millionar kroner på bordet for å bidra til å motverka problemstillinga.
Banken og NFF trur at bevisstgjering og haldningar blant brukarane er viktige element for å oppnå redusert svinn, og prosjektet rettar seg difor primært mot klubbane med tilbod til dei om økonomisk stønad til to konkrete tiltak. Valde tiltak i denne runden er filter til overvasskummar og/eller granulatrensestasjon for plassering ved inngangane til banen.
– Sparebanken Vest har i snart 200 år bidrege til små og store prosjekt på Vestlandet. Vi er veldig glade for å bidra til dette prosjektet som gjer fotballbanene våre endå grønare. Vi skal vera med og støtta idretten i vår region og samstundes bidra til å redusera miljøavtrykket. No håpar vi å få flest mogleg klubbar med på dugnaden, seier Tore Dvergsdal, konserndirektør personmarknad i Sparebanken Vest.