Politiet og kommunen sender ut sms med korona-påminning
Politiet og Bjørnafjorden kommune er felles avsendar av ein SMS som går ut til innbyggjarar i Bjørnafjorden torsdag.
- Først vil eg takka alle – spesielt born og unge - for at de er så flinke til å halda avstand og hindre smittespreiing. Eg forstår veldig godt at det er freistande å samla seg i større grupper og vera sosiale no i desse fine, lyse vårkveldane. Men det er faktisk veldig viktig at vi held fram med å vera forsiktige ei god stund til, seier ordførar Trine Lindborg som kallar meldinga som no går ut for «ei venleg påminning til ungdom i alle aldrar».
Påminninga går på at «me ikkje kan sleppa opp enno» og Lindborg bed foreldre vera lojale mot andre foreldre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi ber alle foreldre om å minna ungane sine litt ekstra på smittevernreglane og kvifor det er viktig at vi følgjer råda frå Folkehelseinstituttet, sjølv om det kan opplevast som både kjedeleg og frustrerande, seier Lindborg.
- Det er òg viktig at foreldre er lojale mot andre foreldre, og at vi set dei same grensene for borna våre. Det er ikkje enkelt å vera «den strenge» viss «alle andre» for lov til å gjera som dei vil, legg ho til.
I ei pressemelding frå kommunen er desse råda lista opp:
Unngå samling i større grupper.
Unngå handhelsing, kyssing og klemming med personar som ikkje bur i same husstand som deg.
Avgrens talet på personar du har nær kontakt med og får besøk av. Friske barn og unge kan vera saman både inne og ute, men i små grupper.
Hald avstand til andre, både ute og andre stader der du oppheld deg.
Hugs god hand- og hostehygiene! Vask hendene grundig og ofte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Er du forkjøla eller har andre symptom på luftvegsinfeksjon? Hald deg heime.
- Poenget med å halda avstand er å avgrensa og forseinka utbrot av covid-19. Vi veit at sjukdomen i hovudsak smittar via dråpe- og kontaktsmitte, difor er redusert kontakt mellom menneske viktig for å bremse spreiinga. Når du aukar avstanden til dei fleste andre menneske, er du med på å forseinka utbrotet – og faktisk redda liv til menneske i risikogrupper, seier ordføraren.