Henga i hengekøye: Er det fleire som har hatt flotte hengekøye-overnattingar med storslagen utsikt i det siste?

Send oss ditt beste «henga i hengekøy-bilete»

Medan utestadene er stengde og fest er forbode, er det stadig fleire ungdomar som finn den sosiale møteplassen i avgrensa form ute i naturen. Er henging i hengekøye det nye store?

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko. Ein konsekvens av koronakrisa er at stadig fleire finn vegen ut i naturen for opplevingar og sosialt samvær. Også her gjeld sjølvsagt reglane for avstand og tal på folk som er i lag, men med den naturen som omgjev oss i Bjørnafjorden kommune, skal det vera meir enn nok plass til alle om ein berre spreiar seg litt.

Også ungdomen søv ute

Medan småbarnsfamiliane var tidleg ute med å dra på teltur, er det no også stadig fleire ungdomar som vel å ta turen ut for å møtast og å overnatta i skog og fjell. Stundom har det vore rapportert om at mange har samla seg same plass, og dette er sjølvsagt ikkje bra, men når folk held seg i mindre grupper og overheld restriksjonane som er sette for å avgrensa koronasmitte, må jo denne trenden vera ein helsemessig gevinst for samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og med rimeleg fint vêr i vente også dei neste dagane, er det nok fleire som vil ta med seg hengekøye og sovepose ut i naturen i tida framover.

Henga i hengekøye: Er det fleire som har hatt flotte hengekøye-overnattingar med storslagen utsikt i det siste?

Ut av brakka

For me har jo også ei psykisk helse å ivareta. Mange har nok kjent på brakkesjuka etter mange veker inne. Då kan ein overnattingstur i naturen vera eit høgst velkome friminutt.

Jan Erik Bøyum og to kompisar tok laurdag turen til området mellom Borgafjellet og Linken. Her fann dei seg ein lun og koseleg plass, med passe fin utsikt til Os-bygda, rigga til hengekøyene sine og hadde ein strålande kveld og natt.

– Det var heilt herleg. Absolutt noko me gjerne gjer igjen, helsar Bøyum.

Bileta hans er slett ikkje dårleg reklame for å koma seg ut. Har du nokre liknande bilete, send oss gjerne. Merk med: Henging i hengekøye. Send til post@osogfusa.no.