Stengde: Gjestehamnene i Bjørnafjorden er framleis stengde for overnatting for tilreisande frå andre kommunar.

Held framleis småbåthamner og bubilparkeringar stengde

Hytteforbodet er oppheva, men båtfolket og bubileigarar lyt venta med overnattingar

– Gjestehamnene er framleis stengde for overnatting for tilreisande frå andre kommunar. Servicebygget i Os hamn er òg stengt, opplyser kommunen på sine heimesider.

Bubilparkeringar og campingplassar i Bjørnafjorden kommune er også framleis stengde for overnatting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avgjerda er heimla i smittevernlova § 4-1.

– Stenginga gjeld inntil vidare. Bjørnafjorden kommune rettar seg etter føringar frå nasjonale helsestyresmakter. Vi vil gi beskjed når vi opnar att, skriv kommunen.