Søfteland idrettspark: Fleirtalet gjekk imot administrasjonen si tilråding
– Plangruppa har gjort ein formidabel jobb både når det kjem til tid og økonomiske ressursar. Søfteland har dessutan ein enorm folkevekst av unge barnefamiliar. Dette meiner eg vi må ta omsyn til i planlegginga av både kvar ny ungdomsskule og ny idrettshall skal liggja.
Det sa Line Furubotn Storum (Ap) i torsdagens møte i plan- og bygningsutvalet (PBU).
Ifølgje tilrådinga i frå administrasjonen burde politikarane, av omsyn til ny kunnskap om naturverdiane i området, omsyn til overvatn og flaum, omsyn til kulturmiljø og uavklarte prioriteringar for større idrettsanlegg i kommunen, ikkje leggja det private planinitiativet på høyring og til offentleg ettersyn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men det var ikkje fleirtalet i PBU samd i.
– Folketalet er meir enn dobla på ti år
Før politikarene ytra sine tankar om det private planinitiativet, fekk leiar av idrettslaget si prosjektgruppe, Terje Hermansen, og plankonsulent, Arne Kristian Kolstad, frå ABO Plan & Arkitektur, høve til å koma med ei kort orientering om saka.
Hermansen fortalte at bakgrunnen for at idrettslaget gjekk i gang med detaljreguleringa, er at kapasiteten i den vesle gymnastikksalen på Søfteland skule, er sprengt. Det same gjeld Stilvoll, og moglegheitene for å skaffa treningstider til alle som ønskjer det.
– Banen er dessutan for liten, og kunstgrasdekket nedslite. Vona er at den investeringa som må gjerast der, kan koma ein annan stad, sa Hermansen.
Leiaren i prosjektgruppa peika også på at Søfteland er den krinsen i kommunen med størst folkevekst, og spesielt blant unge barnefamiliar. Frå 2010 til 2020 har folketalet auka frå 1.295 til 2.557.
– Ungdomshuset i bygda er gått ut på dato. Vi ønskjer ein fleirbrukshall og ein møtestad der alle i bygda kan møtast. Eit hus med aktivitet frå morgon til kveld, påpeika han.
– Kunne vore rydda av vegen tidlegare
Planinitiativet vart sendt inn til 1. gongs handsaming i januar 2019. Sidan den gong har ein ifølgje plankonsulent søkt å koma i dialog med kommunen om forslaget.
– Vi har ikkje fått tilbakemelding frå kommunen om at planmaterialet er mangelfullt, men no når det kjem opp til handsaming i april 2020, får ein altså beskjed om at det ikkje er komplett med tanke på utgreiingar, sa Kolstad og viste til at det er gjort fleire grunnundersøkingar av området (i 2007, 2017 og 2018), samt ei naturmangfaldsregistrering av Rådgivende Biologer og flaumsonevurderingar knytt til Oselva.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi må finna den riktige høgda slik at vi ligg på sikker grunn i forhold til flaum. Bygningar, vegsystem og bane er dessutan plassert slik at vi held oss unna dei sårbare artane (elvemusling og kystmyr), påpeika Kolstad.
Han meiner mange av dei spørsmåla kommunen stiller spørsmålsteikn ved i saksframlegget, kunne vore drøfta, tilpassa og rydda av vegen før saka kom opp i PBU.
– Det er på tide med noko nytt
Storum (Ap) føreslo i utgangspunktet at saka vart sendt attende til administrasjonen, og at kommunen, i god dialog med idrettslaget, kunne sjå på justeringar av tiltaket, samt eventuelt andre område for idrettsparken.
– Det er Søfteland sin tur no. Dei har venta lenge. Det er på tide med ei utskifting. Det er på tide med noko nytt, sa Ap-politikaren.
Gustav Bahus (Frp) meinte på si side at ein burde leggja planinitiativet på høyring med det same. På den måten får ein reelle tilbakemeldingar på initiativet frå overordna styresmakter, naboar og andre.
– I mellomtida kan ABO jobba vidare med detaljreguleringa, og rydda på plass ein del småting. Sender vi planen attende til administrasjonen no, kjem vi berre til å gå i ring, sa Bahus.
– Dette er ei kompleks sak. Men H meiner, til liks med Frp, at det rette å gjera på noverande tidspunkt, er å leggja detaljreguleringa på høyring, sa Aud-May Boge (H).
H-politikaren la til at ein i fusadelen av Bjørnafjorden har hatt veldig gode erfaringar med koplinga skule, barnehage og idrettsanlegg i bygdene.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg vil kalla det ein suksess, sa ho.
– Kommunen bør hjelpa til med å finna eit meir eigna område
Asle Olsen (SV) er samd i at det er trong for eit idrettsanlegg på Søfteland. SV-politikaren meiner rett nok at området som er valt, er problematisk. Han fekk støtte frå MDG.
– Det er vanskeleg for meg å seia ja til planen slik han er no, sa Olsen og viste til flaumfare og dei ulike naturartane ein er nøydd til å verna om.
– Kommunen bør heller hjelpa til med å finna eit meir eigna område i nærleiken. Dess raskare ein kjem i gang, dess raskare kan ein ha eit anlegg på plass, la han til.
– MDG har stor respekt for det arbeidet idrettslaget har lagt ned. Vi synest det er synd at det har teke så lang tid. På den andre sida har vi vore skeptiske til plasseringa av idrettsparken frå starten av, og gjennom detaljreguleringa har mange av bekymringane våre vorte synleggjorte, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG) og gjorde det klart at partiet meinte tilrådinga frå administrasjonen var rett.
– Vi ønskjer ikkje å «forleda» idrettslaget ut i meir ressursbruk, sa han.
Planutvalsleiar Terje Sperrevik (Sp) meinte Aps forslag om å kna litt meir på planinitiativet var éin veg å gå. Å leggja det ut på høyring, slik Frp og H føreslo, ein annan. Då Ap trekte sitt framlegg, og stilte seg bak Frp og H sitt forslag, gjorde Sperrevik det same.
– Politikarane har vore tydelege på at dei ønskjer dette området til utvikling av eit idrettsanlegg. No har vi testa det ut, og så får vi gjennom høyringa sjå om initiativet må justerast, og utbygginga reduserast. Vi må få rørsle i dette no, sa utvalsleiaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Problemstillingane som er komne opp, kan takast i samband med høyringa, sa Ove Frotvedt (Frp).
Frp-politikaren meinte det ikkje var noko problem å hindra avrenning mot Osvassdraget.
– Og uansett kvar du snur og vender deg på Vestlandet, dukkar det opp eit myrproblem, la han til.
Dermed vart detaljreguleringa for Søfteland idrettspark lagt ut på høyring og til offentleg ettersyn med seks (1 Sp, 1 Ap, 3 Frp, 1 H) mot tre røyster (2 MDG, 1 SV).