Ny ferje: MF «Sulafjord» vart sett inn på sambandet Hatvik-Venjaneset i dag tidleg.

MF «Sulafjord» erstattar MF «Årdal»

Måndag morgon vart MF «Sulafjord» sett i trafikk på ferjesambandet Hatvik-Venjaneset.

Oppdatering av software, og utbetring av fortøyningsanordninga om bord i MF «Årdal» er ifølgje operativ leiar, Bjørn Grønbech Barstad, årsaka til at ferja vert erstatta.

– Vi har sett inn ei reserveferje i mellomtida. MF «Årdal» skal etter planen vera tilbake i trafikk på sambandet i løpet av onsdag denne veka, seier Barstad og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem litt an på korleis det går. Vi har mogelegheit til å bruka MF «Sulafjord» lenger dersom det er trong for det.

Torsdag i førre veke var det stopp på sambandet som følgje av tekniske problem. Utbetringane som vert gjort på MF «Årdal» no har ifølgje Barstad ikkje noko med det problemet å gjera.

MF «Sulafjord» (tidligere «Bastø VII» og «Bastø IV») er ein pendelferje bygd i 1986. I 2017 vart ferja ifølgje Wikipedia kjøpt av Fjord1 og gjeve sitt noverande namn. Ferja går til vanleg på sambandet Mortavika-Arsvågen som reserveferje. Ferja har same kapasitet som MF «Årdal».

Ny ferje: MF Sulafjord vart sett inn på sambandet Hatvik-Venjaneset i dag tidleg.