FAU og SU ved Fusa oppvekstsenter kan leva med ein ny, felles skule sentralt på Vinnes. - Vi ønskjer ei varig løysing, skriv utvala i høyringsuttalen til skulestruktursaka.
FAU og SU ved Fusa oppvekstsenter kan leva med ein ny, felles skule sentralt på Vinnes. - Vi ønskjer ei varig løysing, skriv utvala i høyringsuttalen til skulestruktursaka.

Føreslår felles skule på Vinnes

Som ei alternativ løysing i ein fastlåst konflikt, er foreldra ved Fusa oppvekstsenter villige til å etablera ein ny, felles barneskule på Vinnes.

I høyringsuttalen til skulestruktursaka skisserer Foreldrearbeidsutvalet (FAU) og Samarbeidsutvalet (SU) ved Fusa oppvekstsenter korleis ei slik løysing kan sjå ut.

FAU og SU ønskjer i utgangspunktet å halda fram drifta på Fusa oppvekstsenter. Utvala argumenterer mellom anna med at Fusa har fleire born i førskulealder (40) enn andre nedleggingstruga skular (26-28), og at skulen har kapasitet til å ta mot elevar frå andre skular på Fusa-halvøya ved hjelp av små investeringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom førstevalet likevel ikkje lét seg realisera, lanserer FAU og SU ei alternativ løysing til korleis skulekvardagen i Fusa kan verta i framtida.

Det "nest beste" alternativet

Ifølgje dei to utvala er det både fornuftig og rimeleg å forventa at det vert minst éin skule på Fusa-halvøya i framtida også.

- Vi meiner at dei fleste og beste argumenta tilseier at skulen bør plasserast på Fusa, men som eit bidrag til å løysa denne fastlåste saka, bør det gjennomførast ei utgreiing i forhold til om Strandvik, Vinnes og Fusa kan akseptera ein ny, felles skule lokalisert sentralt på Vinnes, heiter det i høyringsuttalen.

Utvala meiner det er fornuftig å innta ei samlande haldning, og, som ein konsekvens av det, vera villige til å gå for det "nest beste" alternativet.

- Vi håper nabobygdene våre ser det same, skriv dei vidare.

Meir eigedomsskatt

Utvala kaster ikkje berre det nye forslaget ut i lufta, dei lanserer også ei løysing til korleis ein ny barneskule kan finansierast.

- Vi trur viljen til å betala meir eigedomsskatt er liten dersom skatten vert brukt til å oppretthalda dagens struktur. Då vil vi hamna i same situasjon om få år, utan ei varig løysing. Meir eigedomsskatt for å investera i nye skular, er det derimot lettare å få aksept for, trur FAU og SU ved Fusa oppvekstsenter.

I reknestykket som vert presentert, legg utvala opp til ein auke i eigedomsskatten på 2 promille. Det resulterer i ei årleg auke i inntektene til Fusa kommune på 4,25 mill. kroner. I tillegg ser ein føre seg at dersom Vinnes friskule vert stengt, så aukar overføringane til kommunen med 1,8 mill. kroner. Dersom fleire skular vert nedlagde, kan ein rekna med endå større innsparingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Basert på tala i rapporten til Agenda Kaupang, vil ei innsparing på 3 mill. kroner vera eit forsiktig anslag, heiter det i høyringsuttalen.

Naudsynt med endring

Summa summarum kjem FAU og SU fram til at innsparingane, samt auken i inntekter, vil kunna finansiera eit lån på om lag 120 mill. kroner. For desse pengane kan Fusa byggja to nye skular, éin på Fusa-halvøya og éin langs aksa frå Holmefjord til Eikelandsosen og Holdhus.

- Dette er ei forenkla kalkyle, og tala må sjølvsagt kvalitetssikrast, men poenget er å synleggjera at ei så stor investering ikkje nødvendigvis kjem til å belasta kommunebudsjettet meir enn det som er tilfellet i dag, heiter det i uttalen.

Til sist oppmodar FAU og SU politikarar og andre til å inngå krompromiss, slik at ein kan finna varige løysingar som er akseptable for alle.

- Som alle andre bygder har vi sterke band til skulen vår. Men av omsyn til Fusa kommune sin økonomi, og med tanke på å vidareutvikla kvaliteten i skulane og det gode, sosiale elevmiljøet, er det naudsynt med ei endring.

Vi trur viljen til å betala meir eigedomsskatt er liten dersom skatten vert brukt til å oppretthalda dagens struktur.