Stolt lærar vil visa fram desse flotte blinkskota
Vigdis Teige var usikker på prosjektet med å gje oppgåver og undervisa utan fysisk å ha elevane kring seg i kunst- og handverksrommet. Det viste seg at ho ikkje trong å vera.
Elevane på 8. trinn på Fusa ungdomsskule fekk ei fotooppgåve i kunst og handverk som den første heimeoppgåva i faget etter at skulane blei koronastengde. Bileta skulle innehalda kontrastar og/eller linjer. Perspektivet var valfritt.
– Eg synast bileta er for fine til å liggja i ei mappe på PC-en min, og har med elevane sitt samtykke fått lov til å dela desse, skreiv læraren Vigdis Teige, då ho la ut bileta på Facebook for ei god veke sidan.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kjære, fine gjengen min, eg er så stolt av kva de har fått vist med desse bileta og korleis de har løyst andre oppgåver de har fått. Eg saknar dykk og gler meg stort til alt blir normalt att, skriv ho vidare.
Bilete 1 av 15
Bilete 2 av 15
Bilete 3 av 15
Bilete 4 av 15
Bilete 5 av 15
Bilete 6 av 15
Bilete 7 av 15
Bilete 8 av 15
Bilete 9 av 15
Bilete 10 av 15
Bilete 11 av 15
Bilete 12 av 15
Bilete 13 av 15
Bilete 14 av 15
Bilete 15 av 15
Då Os & Fusaposten spurde om det var mogleg å få tilsendt desse flotte bileta, var Teige meir enn villig.
– Dette gler vi oss til. Eg er så glad for at innleveringar i kunst og handverk kan få lov til å skina i avisa. Faget får etter mi meining alt for lite kreditt. Verdien av kreativt, spanande arbeid er undervurdert, og korleis skal elevane vita kva dei er gode på med praktisk arbeid, om dei ikkje skal få prøva seg.
Bilete 1 av 17
Bilete 2 av 17
Bilete 3 av 17
Bilete 4 av 17
Bilete 5 av 17
Bilete 6 av 17
Bilete 7 av 17
Bilete 8 av 17
Bilete 9 av 17
Bilete 10 av 17
Bilete 11 av 17
Bilete 12 av 17
Bilete 13 av 17
Bilete 14 av 17
Bilete 15 av 17
Bilete 16 av 17
Bilete 17 av 17
Bileta er delt inn i tre biletseriar. Ein for kvar klasse, a, b og c.