Ynskjer hytteeigarar velkomne attende frå 20. april
– Vi gler oss over å kunna helsa hyttefolket velkomne attende til Bjørnafjorden neste veke.
Det skriv kommunen på sine heimesider.
19. mars innførte regjeringa forbod mot å overnatta på fritidseigedom utanfor eigen kommune, som eit ledd i å hindra smittespreiing av koronavirus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den 7. april informerte regjeringa om at dette forbodet ville bli oppheva frå 20. april.
Regjeringa har uttalt at det ikkje lenger vil vera straffbart å overnatta på hytta frå denne datoen, men understrekar at det framleis er ei nasjonal anbefaling å unngå fritidsreiser.