I kveld reiser Thomas til Osøyro for å dela ut tusenvis av påsketulipanar
– Vi får ikkje selt tulipanane. Berre kjekt at nokon kan få nytte av dei, seier Thomas Lyssand.
Lyssand Gartneri har fire millionar tulipanar klare for påskemarknaden. Tidlegare denne veka skreiv Os & Fusaposten om dette. Då sa Thomas Lyssand at dei frykta er at dei skal brenna inne med mange av dei.
– Vi er spente på om vi får seld ut alt, eller om vi brenn inne med ein del, og i så fall kor mange, sa han då.
Artikkelen held fram under annonsen.
No gjer dei det dei kan for å kvitta seg med tulipanane, og for at dei likevel skal koma til nytte. Klokka 18 onsdag kveld vil Lyssand stilla seg opp ved Baronsgården på Osøyro for å dela ut til alle som ønskjer påsketulipanar.
– Kor mange har du med deg?
– Tusenvis, seier Lyssand.
I tillegg til tulipanar, kjem Lyssand til å ha med seg telt, strandstolar, varmelampar og lesestoff til alle som må venta i kø. Ventemusikk i form av radiosending.