Malermester Hjelle held omsetninga oppe: Har hatt utkøyring kvar dag
Sidan sist onsdag har Malermester Hjelle hatt fleire utkøyringsoppdrag kvar dag. Det gjer at butikken ikkje har tapt pengar sidan koronaviruset sette inn.
– Me er privilegerte som har produkt det stadig er etterspurnad etter. Så hjelper det sjølvsagt godt på at me var tidleg ute med å annonsera at me ville køyra ut varer no i denne koronaviurs-tida, seier Anders Hjelle.
– Kva er det folk vil ha?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er jo stort sett måling. I tillegg blir det litt målingsutstyr, samt verktøy.
– Verkar det å vera mange som nyttar heimetida til å pussa opp?
– Ja, det kan verka som om folk synest det er greitt å vera litt produktive, gjera noko anna, noko som får dei på andre tankar.
– Utkøyringa har gjort sitt for drifta dykkar?
– Ja, absolutt. Me held omsetninga oppe og det er sjølvsagt mykje takk vere utkøyringa. Faktisk har me hatt fleire utkøyringar kvar dag i over ei veke no, slår Hjelle fast.
Stilt, men ikkje daudt
Hjelle og firmaet hans har halde hus i Fjord`n senter sidan opninga i 1989. Han vedgår at det er spesielle dagar nett no.
– Jaudå, det er stilt, men det er heller ikkje heilt daudt. Nokre kundar er innom, og alle som jobbar i senteret gjer det dei kan for å leggja til rette for trygg handel, seier Hjelle.
I firmaet til Hjelle er dei tilsaman 11 tilsette. Sju av dei jobbar i handverkar-avdelinga, som gjer måling og golvarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har - bank i bordet - alle i jobb framleis. Alle er friske og me gjer tiltak som gjer at me ikkje tek smitte med oss når me er ute i felten, seier Hjelle.
Han legg til at han føler med alle næringsdrivande som ikkje har det like lett i desse dagar.
– Det er tøffe tider. Me ønskjer det beste for alle, seier han.
Utset opningsfesten
Mitt oppi det heile har Malermester Hjelle nær dobla lokalet sitt i senteret. Apoteket flytta til nye lokale, og Anders og kollegaane overtok deira 150 kvm store lokale.
– No har me kring 350 kvm til disposisjon.
– Men opningsfesten 2. april blir kanskje utsett?
– Ja, det fall naturleg. Det er ikkje tidspunktet for å invitera til store samankomstar no. Kake, fest og feiring får me utsetja til seinare, slår Anders Hjelle fast.