Kvinne i 20-åra på Fusa-sida har testa positivt på koronaviruset
Det opplyser kommunen fredag kveld.
Dette er det første tilfellet på Fusa-sida, opplyser kommunen.
- Smittevegen er kjent. Det er ikkje mistanke om spreiing utanfor hushaldet, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.
Artikkelen held fram under annonsen.
Totalt er det no fem tilfelle av påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune. I tillegg til dette tilfellet, testa éin person positivt 11. mars, to personar 14. mars og ein 19. mars.