Avlyser konfirmasjonar og namnefestar
Det vert ingen humanetiske konfirmasjonar i april, mai eller juni.
Det opplyser Human-Etisk Forbund.
– Å flytta seremoniar er omfattande. Seremoniane våre vert gjennomførde av frivillige og vi disponerer ikkje eigne seremonirom. Det er difor ikkje klart om vi vil kunna arrangera seremoniar på eit seinare tidspunkt, opplyser forbundet på sine heimesider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei vil koma tilbake med meir informasjon senest 30.mars.
Det vert samstundes jobba med at konfirmantane skal få fullføra kurset sitt gjennom eit alternativt opplegg.
– Det vil variera fra stad til stad kva tilbod ein får, men alle får eit tilbod, vert det presisert.
Det vil heller ikkje bli gjennomført namnefestseremoniar i mars og april, og dei det gjeld vil bli kontakta.