Opprettar smitteverntelefon: Har du spørsmål om lokal koronatesting, karantene og smitteverntiltak, kan du no ringja smitteverntelefonen for Bjørnafjorden.

Kommunen opprettar smitteverntelefon

Pågangen etter koronaråd er som Os & Fusaposten skreiv i går, stor. No oppprettar kommunen smitteverntelefon.

Har du spørsmål om lokal koronatesting, karantene og smitteverntiltak, kan du no ringja smitteverntelefonen for Bjørnafjorden.

Les også
For mange ringjer legevakta i Bjørnafjorden om koronaråd - lege kjem med oppmoding

Her svarar helsepersonell på spørsmål kring lokal koronatesting, karantene, stenging, hygiene og andre smitteverntiltak i samband med koronautbrotet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ikkje lenger omreisande team: Kommunen har sett opp to stasjonar

– Eg er veldig glad for at me no har fått dette på plass. Dette er ein viktig del av det å få informert innbygjarar og tilsette i kommunen på best mogleg måte, seier ordførar Trine Lindborg.

Trur du at du kan vera smitta av koronavirus?

Kommunen testar ikkje lenger alle innbyggjarar ved mistanke om koronavirus.

Desse blir testa:

Personar i risikogrupper

Helsepersonell

Behandlingstrengande

Dersom du tilhøyrer ei av desse gruppene og trur du kan vera smitta, skal du ringja smitteverntelefonen på 56 57 57 57.

Viss du er sjuk, hald deg heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viss du er sjuk og treng legehjelp, eller har behov for individuell helserådgiving, kontakt fastlege på telefon eller elektronisk. Fleire legekontor tilbyr elektronisk konsultasjon.

Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring 116117

Ved livstrugande sjukdom eller skade - ring 113.