No bør alle med influensaliknande symptom halda seg heime
Folkehelseinstituttet har oppdatert råda til personar med symptom på akutt luftvegsinfeksjon: No bør dei halda seg heime og avgrensa kontakten med andre.
Det gjeld òg lette symptom på forkjøling eller vondt i halsen, men dei fleste treng ikkje å testast for koronaviruset. Testane blir reserverte for sårbare grupper og helsepersonell.
Fylkeslege Janne Dahle-Melhus seier til NRK Rogaland at det no er meir koronavirus enn influensasmitte i omløp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei som har nærkontakt med personar som viser symptom, kan framleis gå på jobb og treng ikkje gå i karantene. Det gjeld òg helsepersonell. Det blir likevel tilrådd frå Folkehelseinstituttet at dei må vere ekstra merksame på eigne symptom.
Utvidar kapasiteten
– Det vil bli enklare å testa seg framover. Fleire av dei store universitetssjukehusa er i ferd med å auke kapasiteten, seier fungerande assisterande helsedirektør, Espen Rostrum Nakstad, til
Han fortel at auka testing har fungert bra i land som Sør-Korea for å få kontroll på viruset, og redusert tilfella av nye smitta.
– Vi var i ein fase førre veke der vi byrja å mista kontrollen, og det var bakgrunnen for tiltaka som vart sette i verk torsdag. No vil tida vise om Noreg har fått kontroll på viruset, seier Nakstad.
Han seier det er umogleg å vite kor lenge dei tiltaka som har vorte sette i verk, vil vare, slik som stengde skular og grenser, men at dei i første omgang vil vara i ti dagar til, fram mot 26. mars.
Gå ut frå at det er korona
Til Nettavisen legg Severinsen til at det blir venta ein kraftig auke i talet på positive korona-testar.
– Vi har testa alle tilsette som har snufsa og hatt forkjølingssymptom, og framleis er det slik at dei fleste prøvane er negative. Men om utviklinga i Noreg følgjer andre land som ligg føre oss, så vil talet på smitta auke kraftig framover.
Ho gjer det klart at det å halde avstand til andre no er ekstremt viktig for å hindra ei utvikling lik den vi ser i Italia.