Operativ: Prøvetakingsstasjonen på Osøyro er alt operativ, Prøvetakingsstasjonen i Eikelandsosen opnar måndag 16. mars.

Ikkje lenger omreisande team: Kommunen har sett opp to stasjonar

Kommunen har sett opp to prøvetakingsstasjonar for testing av koronavirus.

Den eine er på Osøyro og den andre i Eikelandsosen. Prøvetakingsstasjonen på Osøyro er alt operativ, Prøvetakingsstasjonen i Eikelandsosen opnar måndag 16. mars.

Les også
To nye bekrefta tilfelle i Bjørnafjorden

Det opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon og trur du kan vera smitta av det nye koronaviruset, skal du ringja fastelegen din eller legevakta på 116117. Dersom dei vurderer det slik at du skal testast, får du tid og stad for prøvetaking på den prøvetakingsstasjonen som er nærmast deg, presiserer kommunen.

Dei faste prøvetakingsstasjonane i Bjørnafjorden kommune erstattar det ambulerande prøvetakingsteamet, som så langt har testa mistenkte smittetilfelle heime.

Les også
Her gjer Marita og Tonje seg klare til å testa ein bjørnafjording for koronaviruset

Merk: Du skal berre møta opp på prøvetakingsstasjonen etter avtale om testing. Slik unngår vi unødig smitterisiko.