Oppmoding: - Vi oppmodar føresette i klubben til å bringa videre denne informasjon til sine born, skriv idrettslaget og leiar Eirik André Hesthamar.

Idrettslag med klar oppmoding om ikkje å driva fellesaktivitet

Tilrådinga frå Folkehelseinstituttet er ei avgrensing på 2-3 personar i lag.

Det minner Nore Neset IL om på sine heimesider.

– Det er rapportert om noko fellesaktivitet på banane våre i dag (fredag). Folkehelseinstituttet anbefaler at ein skal unngå frileik i grupper og begrensa seg til 2-3 personar saman. Vi oppmodar føresette i klubben til å bringa videre denne informasjon til sine born, skriv idrettslaget og understrekar kor viktig det er at ein saman sørgjer for at vi etterlever intensjonane i styresmaktene sine drastiske tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom alle bidreg til å etterleva retningslinjene kan alle raskast mogleg koma tilbake i normal aktivitet.

Os Turn Fotball går også ut med same oppmodinga.

– Me må alle gjera vårt yttarste for å minimera vidare smitte og ta vare på kvarandre så godt me kan. Det er klare råd og retningslinjer frå styresmaktene på korleis me skal handtera situasjonen, og dei må me alle følgja, oppmodar dagleg leiar Endre Brenne.

Klubben har fått fleire spørsmål vedrørande eigentrening, bruk av ballrom, klubbhus etc.

– Me ser det difor som heilt nødvendig å setja klare køyrereglar for eigentrening og bruk av Kuventræ Idrettsanlegg og fotballbanane. Dei er ufråvikelege og skal følgjast, skriv Brenne.

Klubbhuset på Kuventræ og ballrommet er stengt for alle trenarar og spelarar og Os Fotball sine trenarar har fått beksjed om ikkje å delta fysisk i noko form for aktivitet med Os Fotball sine medlemer. Aktivitet av foreldre med eigne born er unnateke.

– All individuell trening er tillatt. Trening i grupper er ikkje tillate, fastslår Brenne.