Stengjer alle vidaregåande skular
Alle vidaregåande skular i Vestland vert stengde frå og med fredag 13. mars. Dette gjeld i første omgang for to veker.
Elevane vil få nettbasert undervisning i denne perioden. Målet er å halde oppe den faglege progresjonen til elevane.
Også fagskulane, Manger folkehøgskule og Hyssingen produksjonsskule vert stengde.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusere vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal i ei pressemelding.
- Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier han.
Elevane vil framleis få undervisning, slik at den faglege progresjonen i størst mogleg grad vert halde oppe, heiter det.
Elevane vil få nærare informasjon via læringsplattformen It’s learning. Alle tilsette skal møta på skulane som vanleg, opplyser Vestland.