Koronaviruset fører til fleire avlysingar og utsetjingar
I går kom FHI med nye tilrådingar. Fleire arrangement i Bjørnafjorden vert no avlyste eller utsette.
Koronautbrotet er over i en ny fase, og tysdag opplyste Helsedirektoratet og FHI at fem av dei då 277 tilfella med påvist koronavirus ikkje var mogleg å spora smittekjelda til.
I tillegg til handhygiene tilrår Folkehelseinstituttet tiltak for å redusera kontakt mellom menneske. Det gjeld bruk av heimekontor og fleksitid der det er mogleg og å avlysa store arrangement der mange samlast tett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei tiltaka som no kjem, er viktige for å redusera smitten frå person til person i samfunnet, og dermed verna dei sårbare gruppene. Dette vil bidra til at det er kapasitet i helsetenesta til å ta seg av dei som treng det, seier avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet.
Os Turn melde i går at deira arrangement på Luranetunet er avlyst/utsett:
Os kyrkje opplyser onsdag at den store korkonserten som var planlagt søndag - for å feira 150-årsjubileet til kyrkja - desverre må utsetjast. Kyrkja satsar på at konserten kan gjennomførast på eit tidspunkt i haust.
– Vi er mange som har gledd oss til denne konserten, og få sjå, høyra og oppleva eit meir eller mindre samla kormiljø i Os. Men me meiner at det er uforsvarleg å gjennomføra konserten som planlagt etter Folkehelseinstituttets siste tilrådingar om større arrangement. I staden skal vi no få sjå fram til konserten litt lenger. Vi satsar på å finna ein ny dato for konserten til hausten, skriv jubileumskomiteen i ei pressemelding.
I Fusa har ein sett seg nøydd til å avlysa Helsesista sitt besøk til den vidaregåande skulen.
Kjenner du til andre arrangement som er råka av koronaviruset? Tips oss på tlf 489 95 310 eller tips@osogfusa.no.