Køyrde med tungt lasta biltransporthengjar heilt utan bremser
Sjåføren er meldt for forholdet.
Måndag kveld gjennomførte Statens vegvesen kontroll både på Halhjem og i Hjellemarka. Hovudfokuset var kontroll av vinterutrusting (dekk og kjetting) og køyre- og kviletid. Totalt 28 køyretøy blei kontrollerte. Kontrollen gav følgjande resultat:
Det blei skrive ut eit bruksforbod for manglande smørjing av svingskive på semitrailer, og to skriftlege og ein munnleg åtvaring for brot på køyre- og kviletida. Ein skriftleg mangel for defekt stopplys på tilhengjar, og ein skriftleg mangel for feil farge på lykter i front på køyretøyet (gule lykter).
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei også skrive eit bruksforbod, i tillegg til at sjåføren blei meldt for køyring med tungt lasta biltransporthengjar heilt utan bremser.
Ein fekk gebyr for køyring med dekk med mønster under lovleg minimum.