Valets kval
Bjarte Samnøy (KrF) treng kanskje råd frå høgare makter i tida som kjem. Trass i at KrF mister eitt mandat i kommunestyret i Fusa, får partiet ei veldig sentral rolle i dei komande forhandlingane.
- Nokre ville kanskje ha kalt det ein draumesituasjon, å vera på vippen. Men eg kjenner på ansvaret vi har fått i forhold til å gjera det rette valet, ikkje berre for partiet, men for heile Fusa. Det er krevjande, men veldig spennande, seier Samnøy.
KrF sin ordførarkandidat tek atterhald om at han faktisk vert ein del av kommunestyret i Fusa dei fire neste åra. Med tre kummulerte kandidatar, og to mandat i kommunestyret, kan Samnøy, i teorien, risikera å mista plassen sin til Toralv Huse eller Ole Bjørn Eikeland som ligg på høvesvis 2. og 3. plass på lista.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Førebels veit eg ingenting, seier Samnøy.
Kva har partia å tilby?
Det som er sikkert er at Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har ni mandat til saman. Det same har Senterpartiet og Høgre. Venstre har berre eitt mandat. Dermed vert det dei to mandata til KrF som vippar fleirtalet i kommunestyret anten den eine eller den andre vegen.
- Eg er veldig audmjuk i forhold til den jobben vi skal gjera. Spør ein Senterpartiet så meiner dei sjølvsagt at KrF bør velja dei, spør ein Arbeidarpartiet meiner dei sjølvsagt det motsette, seier Samnøy og legg til:
- Vi har ikkje bestemt oss 100 prosent enno.
Sentralt i forhandlingane er kva dei ulike partia har å tilby. Ordførarvervet meiner Samnøy bør vera forbehalde eitt av dei største partia i kommunen.
- Det er det mest rederlege. Vi treng ein ordførar som kan representera heile kommunen, seier han.
Dermed står ein att med varaordførartittelen og leiaren for planutvalet.
- Eg er ikkje så oppteken av posisjonar. For min del er politikken det viktigaste. KrF håpar på eit tydeleg fleirtal i Fusa i åra som kjem, eit fleirtal som ikkje vinglar frå sak til sak, men som kan arbeida saman i heile perioden. Eit solid fleirtal er mykje viktigare enn å verta ordførar eller varaordførar, meiner Samnøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Økonomi viktigare enn skule
Først 22. oktober vert det nye kommunestyret konstituert. Samnøy har ikkje hastverk med å koma i mål med forhandlingane.
- KrF har god tid. Frå 5. oktober skal eg ha ei veke fri, så då hadde det kanskje vore greitt å vera ferdig, seier han.
Etter at 95 prosent av røystene er talde, har KrF ein oppslutnad i Fusa på 9,7 prosent. Det er tre prosent nedgang frå førre val.
Samnøy er litt skuffa over at partiet ikkje gjer eit betre val. På den andre sida har det vore store utskiftingar på lista til KrF.
- Vi er heilt nye i politikken. Det er vanskeleg å matcha rutinerte politikarar som Asbjørn Heidal, Anne Martinsen og Stina Kvåle Bergesen. Likevel er eg litt skuffa over meg sjølv, og over at eg ikkje klarte å formidla det KrF synest er viktig i forhold til skulesaka på ein betre måte, seier Samnøy.
Ordførarkandidaten synest det er trist at skulesaka fekk så mykje å seia for utfallet av valet.
-Det er mange andre viktige saker også, seier han.
- Kor viktig vert skulesaka for KrF i samband med forhandlingane?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg trur ikkje det vert den viktigaste saka. Meir sentralt står god økonomisk styring og balanse i rekneskapen utan at ein nødvendigvis treng auka gjelda til kommuen, seier Samnøy.