Aleksander og Kenneth: N/A

Kenneth og Aleksander lova kvarandre evig truskap i Os kyrkje i dag

Laurdag blei Kenneth og Aleksander Grener det første homofile paret som giftar seg i Os kyrkje.

I 150 år har folk funne vegen til «nye» Os kyrkje. Den høgreiste, kvitmåla langkyrkja som tronar i sentrum av Os stod ferdig til bruk 23. august 1870. Laurdag skjedde det noko som aldri har skjedd i kyrkja før. For tre år sidan blei det vedteke ein ny vigselsliturgi som ønskjer likekjønna par velkomne til å gifta seg i Den norske kirke.

Les også
Aleksander og Kenneth er det første likekjønna paret som blir vigd i Os kyrkje

Men i Os kyrkje hadde ingen likekjønna par gjort det, før Aleksander og Kenneth gjekk til alters laurdag ettermiddag. Det var ein flott seremoni, leia av soknepresten sjølv, Margrethe Holmboe Askeland. Ordførar Trine Lindborg, som jobba med Kenneth tidlegare, var på plass og las dikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at seremonien i kyrkja var over, gjekk dei samla vidare til festlokalet, der det truleg blir god stemning til langt på natt.