Lokal folkeavstemming?
Dersom Stortinget seier nei til ei nasjonal folkeavstemming i flyktningsaka, tek Terje Søviknes (Frp) til orde for lokale folkeavstemmingar.
Førre veke sa Stortings-fleirtalet - H, Ap, Sp, V, Krf og MDG - ja til å ta i mot 8.000 kvoteflyktningar frå Syria på tre år. Det har fått Høgres regjeringspartnar Framstegspartiet til å stegla.
Måndag skal Frps forslag om ei nasjonal folkeavstemming, vurderast av Stortinget. Men partiet gjev ikkje opp dersom forslaget vert nedstemt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dersom vi ikkje får fleirtal for ei nasjonal folkeavstemming i Stortinget, er det eit godt høve til å ta saka opp med innbyggjarane lokalt. Det er uansett kommunane som vil sitja med ansvaret for å gjennomføra eit stortingsvedtak om Syria-flyktningar, seier leiar av Framstegspartiets lokalpolitiske utval, Terje Søviknes.
Frp ønskjer å gjennomføra lokale folkeavstemmingar i samband med haustens kommuneval.
- Det er framleis mogleg å få til dersom ein snur seg rundt fort, påpeikar Søviknes.
- Tullete forslag
Arbeidarpartiets ordførarkandidat Helge Steinum meiner forslaget er tullete.
- Det er ikkje noko for oss, seier han.
- Trur du ei slik folkeavstemming kan verta aktuelt i Os?
- Nei, det gjer eg ikkje. Eg reknar med at Høgre står for det dei meiner, seier han.
Tysdag hevda VG at Frp var villig til å ta i mot 7.500 flyktningar frå Syria før dei braut forhandlingane med dei andre partia. Det kjem fram i eit "hemmeleg notat" som avisa har fått tilgang til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Skilnaden mellom 7.500 og 8.000 flyktningar er ikkje stor. Difor synest eg det er merkeleg at Framstegspartiet reagerer slik som det har gjort. Det er nok mest eit spel for galleriet. Men slik er det jo ofte, seier Steinum.
Jon Sivert Rykkel (V) er i utgangspunktet positiv til folkeavstemmingar.
- I viktige og prinsipielle saker kan det vera ein god måte å rådføra seg med innbyggjarane sine på, seier han.
For nokre år sidan føreslo Venstre at det skulle haldast folkeavstemming i samband med Bjånes-utbygginga. Partiet vart ikkje høyrt.
- Søviknes var blant dei som stemte nei. At han no føreslår å gjennomføra ei folkeavstemming i samband med flyktningsaka er heilt meiningslaust, seier Rykkel og legg til:
- I Os tek vi mot 15 flyktningar i året. Kor mange fleire er det snakk om? 5, 10 kanskje. Å ha ei folkeavstemming om noko slikt høyrer ikkje heime noko stad. Os kommune må forhalda seg til vedtaket som vart gjort sentralt, slik som alle andre kommunar. Vi må ta vår del av dugnaden, seier Rykkel.
Venstres ordførarkandidat meiner folkeavstemmingar bør forbehaldast store saker som til dømes E39 eller ei eventuell kommunesamanslåing.
- Om dette vert ei tema i flyktningsaka, kjem eg til å stemma mot, påpeikar han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Indirekte avstemming
Rykkel får støtte frå Jakob Enerhaug (KrF).
- At eit slikt tema skal opp i ei folkeavstemming er vi prinsippielt i mot. Det er ikkje eit eigna forum for det, seier ordførarkandidaten.
Ifølgje Framstegspartiet vert det - uavhengig av om kommunane fattar vedtak om folkeavstemming eller ei - ei indirekte folkeavstemming gjennom haustens kommuneval.
- Frp har markert sitt standpunkt klart og tydeleg. Dei som ikkje ønskjer å ta i mot syriske flyktningar, men heller vil hjelpa flest mogleg i nærområda til landet, bør stemma Frp, påpeikar Søviknes i ei pressemelding på Framstegspartiet sine nettsider.