Thomas og Martin trivst i speidaren. I dag fekk dei leia prosesjonen til 1. Os KFUK-KFUM-Speidernes speidaropptak.
Thomas og Martin trivst i speidaren. I dag fekk dei leia prosesjonen til 1. Os KFUK-KFUM-Speidernes speidaropptak.

Høgtideleg speidaropptak

Speidarane gjekk i prosesjon til speidaropptaket ved prestebustaden i kveld. Faneberararne meinte at dei som ikkje er speidarar går glipp av noko.

- Om du ikkje er speidar, så burde du bli det. Elles får du glipp av noko, seier Thomas (11), som var faneberar saman med Martin (12).

Dei har begge vore del av speidaren lenge, men dei har det så kjekt at dei kunne ønskje at dei hadde vore medlemer endå lengre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har det kjempekjekt i speidaren. Samlingane er nesten alltid utandørs, og me held på med mange ulike aktivitetar, som knuteknyting og padling, seier Martin.

Vil øva til Bymanøveren

1. Os KFUK-KFUM-Speidernes prosesjonen starta på Kyrkjetunet, med faner og faklar som seg hør og bør. Då dei kom fram til prestebustaden var det tid for utdeling av skjerf. Ein av faneberarane var blant dei som fekk nytt skjerf i kveld.

- Eg skal bli vandrar i dag. Då får eg blått skjerf, slik som Martin har, seier Thomas.

Etter "skjerf-seremonien" håpa gruppeleiar Øyvind Sundfjord at det skulle bli litt tid til øving til Bymanøveren i Bergen til helga.

- Kva er Bymanøveren?

- Det er eit årleg arrangementfor speidarar i Bjørgvin KFUK-KFUM (Bergen, Askøy, Fjell, Fana, Voss, Austrheim og Os journ.mrk). Der skal speidarpatruljar løysa ulike oppgåver, seier Sundfjord.

Det er ikkje snakk om rebusar. Speidarane skal få nytta all kunnskapen dei haustar gjennom speidaren.

- Det kan vera oppgåver relatert til friluftsliv eller førstehjelp, til dømes, seier han.