Den levande skogen
- Det er kjekt å sjå at me har fylt opp Grendahuset, me gler oss masse, sa rektor Heidi Baldersheim då ho ønskte alle dei frammøtte velkomen til juleavslutningsfest i Strandvik.
Først framførte ungane «Den varmen» frå scena. Det vart tent adventslys med kvart sitt vers.
Borddama vår, Laila Vangen, kunne fortelja at dei hadde hatt fokus på klima og natur denne hausten. Musikalen «Den levande skogen», hovudattraksjonen denne kvelden, var eit ledd i dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fire elevar frå kulturskulen framførte så kvar sine stykke på piano, til stor og velfortent applaus.
Så vart det matøkt med mat, kaffi og julebrus med bringebærsmak frå ein regional leskedrikkfabrikkant.
Bak scena
Midt i matøktsumminga, vart skuleborna oppmoda til å koma opp bak scena, og fleire titals stolbein vart skubba bakover på parketten med ein snorklande lyd. Som naturleg er i slike høve tok det litt tid å organisera alt bak sceneteppet. For som nokon sa: Ein skog er ikkje gjort sånn med ein gong.
Det vart opplyst at Sverre Vindenes hadde vore primus motor for innøvinga. Musikalen hadde vore vist i mange land. Kostymer var lånt frå Vinnes friskule, og no var turen komen til Strandvik.
Motorsagførar
Så vart det musikal med god song, godt spel og fotarbeid. Her fekk me møta både levande tre, stubbar, gifteklare harar, camperande byfolk og ein motorsagførar. Miljøet var eit gjennomgåande tema, som i songstrofer som «Vatnet smakar surt, men eg er ikkje spurt». Humor var det også. Slik som campinggjester som rømmer i panikk då dei ser skogen dansa.
No hadde sikkert ikkje alle elevane måtta lært seg alt. Men mengda songtekst som dei unge strandvikarane hadde lært seg, var rett og slett imponerande.
- Dette var veldig flott, de er kjempeflinke, sa Baldersheim då applausen hadde lagt seg.
Me tippar også at instruktøren var rimeleg fornøgd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein skinande oransje nymåne hang som ei fjør over Raudvoll på veg heim. Denne fjøra skal ungane og lærarane på Strandvik skule få i hatten sin.
Sjå fleire bilete frå framsyninga på osogfua.no.