– Det mest gledelege var at me verkeleg fortente å vinna
FOTBALL: I sitt femte forsøk på å slå Fana og tidlegare kollega Ørjan Håland, lukkast Endre Brenne med sitt Os-lag laurdag.
– Det var berre ein treningskamp, men ja, det var litt godt å slå Ørjan og Fana i dag. Det var på tide, humrar A-lagstrenar i Os, Endre Brenne, etter 2-1-sigeren over Fana.
Nøgd med presset
Etter 2-6-tapet for Åsane sist helg var det ein revansjesugen gjeng som tok turen til Nesttun idrettsplass for å møta Fana laurdag. Osingane starta verkeleg friskt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me lukkast godt med å stå samla og kompakt, både når me køyrde høgt press, og når me låg oss lengre bakpå for å forsvara oss. Det var kanskje det eg var mest nøgd med i kampen - at me heile vegen klarte å halda korte avstandar mellom lagdelane, seier Brenne.
Draumemål
Os tok leiinga etter knappe kvarteret spelt. Målet var ei verkeleg perle signert nykomaren Thomas Spilde.
– Han fyrte ballen heilt opp i vinkelen. Verkeleg eit fint mål, skryter Brenne.
Like før pause putta Fana og ordna balanse i rekneskapen, men kring 20 minutt før full tid fekk Os straffe.
– Den ordna Roger (Ekeland) på fint vis. Dermed stod det 2-1, fortel Brenne.
Han legg til at Os hadde fleire gode sjansar til å auka leiinga, utan at det vart teljande resultat.
Fleire ungdomar fekk prøva seg for dei gul-svarte i andre omgang. Blant desse Tobias Nøss, Elias Myrlid, Johannes Lie og brørne Emre og Keren Duvarci.
– Me har mange unge gutar som bankar på døra til A-laget. Det er veldig kjekt. Dei som prøvde seg i dag, klarte seg bra, fortel Brenne.