Framleis i varetekt
Ein mann i 40-åra vart måndag pågripen mistenkt for vald mot sambuaren. I dag avgjer lagmannsretten om han vert varetektsfengsla.
Mannen i 40-åra vart pågripen av Os lensmannskontor måndag, etter mistanke om vald mot sin kvinnelege sambuar. Onsdag vart han framstilt for varetektsfengsling. Her kom retten fram til at mannen kunne lauslatast. Slik blei det ikkje.
- Aktor anka saka. Dermed vert det opp til lagmannsretten om han vert vidare varetektsfengsla eller ei. Saka vert truleg avgjort i løpet av dagen (torsdag), seier politiførstebetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Påtvungen kviletid
Onsdag kveld hadde Statens vegvesen skivekontroll av tungtrafikk-sjåførar på Halhjem ferjekai.
Her kontrollerte dei ein utanlandsk sjåfør som hadde brote køyre og kviletid-lova. Mannen vart påtvunge eitt døgns kvile før han kunne køyra vidare. I tillegg fekk han ei bot på 10.000 kroner. Mannen vedtok bota.