Baklengs inn i framtida
Fusa må posisjonera seg på ein måte som gjer det mogleg for folk å bu i denne kommunen og pendla ut på arbeid, og likevel ha ein kvardag.
Alle dei halvkveda visene frå ordførarkandidatane var i større grad med og danna grunnlag for ein debatt som truleg kunne pågått enno, heller enn å verka oppklarande på noko vis. Og eg har hatt gleda av å følgja Fusapolitikken på nært hald i ei årrekkje.
Det vesle som vart oppklart er at samfunnsdelen i kommuneplanen, som eit samrøystes kommunestyre vedtok for få år sidan, ikkje lenger er verdt papiret på det er skrive på. Denne planen er tydelegvis eit resultat av politikarar og administrasjon med ambisjonar og visjonar, medan motløysa ser ut til å rå no for tida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Planen slår fast at folk treng møteplassar for å gjera Fusa kommune god å bu i. Fleire av dei eksisterande møteplassane går no Ap, V, KrF og Frp inn for å fjerna. Ein kjem ikkje utanom at skulen genererer aktivitet i bygdene med sine kafear, påskefrukostar, juleavslutningar og sommarfestar. Der står også at ein skal ha eit godt og desentralisert skuletilbod slik at flest mogleg av elevane skal kunna gå og sykla til skulen. Så lenge varte det. Eg berre nemner det!
Dei fleste av dei aspirerande Fusapolitikarane legg for dagen ein nærast sjukleg trong til å redusera avgiftene. Flott det - så lenge ein alt har bestemt seg for å ikkje sjå litt positivt på framtida. Kva med å visa litt vilje til å leggja innsatsen i å auka inntektene?
Begredeleg
Skatteinngangen til kommunen så langt i år er begredeleg, i høve til det som så optimistisk vart lagt inn i budsjettet for inneverande år. Når skatteinngangen sviktar er det heilt logisk at budsjettet sprekk. Så kva må til? Ein må få fleire til å bu i Fusa. Ingen har sagt at det er lett eller ein quick fix. Eg vil vita kva politikarane vil gjera for å få folk til å bli her, og kva som må til for å få fleire til å flytta hit? Heile Vestlandet er fullt av flott natur, høge fjell og fjordar. Kvifor skal folk velja nettopp Fusa å bu i?
Vi må våga å satsa!
Tilrettelegging og fleksibilitet er nøkkelord. Kvar gong Fusa kommune lyser ut ei stilling er dei på jakt etter fleksibilitet. Men fleksibilitet i tenestene har så langt ikkje vore noko tema. Vi må vera villege til å leggja til rette for at småbornsfamiliar kan bu her. Og de som vil leggja ned skular: Skal skuleskyssen vera til fast tid rett etter skuleslutt, eller legg de opp til ei fleksibel ordning der dei som treng å vera på SFO får skuleskyss når den stengjer? Eller var det då ein skal tvinga foreldre til å jobba i reduserte stillingar - fordi ein ikkje er tent med det SFO-tilbodet som kjem ut av dette?
Ved å kutta i SFO-tilbod, gir ein foreldre i tidsklemma ikkje anna val enn å jobba i reduserte stillingar for å rekka å henta podane i barnehagen og skulen. Då går forresten skatteinngangen ytterlegare ned.
Og Frp med sitt slagord om ein enklare kvardag for folk flest - de har gløymt å presentera løysingane dykkar. Korleis blir min kvardag enklare av eit SFO-tilbod med for stutte opningstider i ei anna bygd enn der eg skal rekke barnehagen? Det er mange tilflyttarar i denne kommunen, mange av dei har ikkje nær familie som kan hjelpa til med å henta i barnehagen eller SFO eller køyra mellom bygdene for å få kvardagen til å gå i hop med arbeid - gjerne utanfor kommunen. Og misforstå meg rett - eg har sjeldan eller aldri tidlegare funne ein slik rektor og ein slik stab som nettopp i Strandvik, der mottoet tydelegvis er at alt løyser seg. Dette finn vi ut av ilag, og vips, så er både foreldre og ungar tekne på alvor, og løysingane presenterte og fleksibiliteten synt fram. Tusen takk til dykk alle for det, Heidi!
Nok arbeidsplassar?
Det er ikkje for lite arbeidsplassar i denne kommunen, seier Venstre. Nei, vel då, men dei som er her krev kompetanse nett som andre stader. I teorien skulle det vel ikkje vore ein einaste arbeidsledig i denne kommunen då? Tenk om det hadde vore sant?
Fusa må posisjonera seg på ein måte som gjer det mogleg for folk å bu i denne kommunen og pendla ut på arbeid, og likevel ha ein kvardag. Slik det er per i dag kan ein knapt pendla mellom Strandvik og Fusa, om ein har ansvar for både henting og levering av ungar i skule og barnehage.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles har eg ei klar oppmoding til politikarane. Ver så snill å slutt å saldera budsjetta dykkar med monopolpengar - eller skatteinngang som de kallar det så fint. Så lenge de ikkje gjer noko for å få folk til å bli verande, eller flytta til, kan de vel ikkje venta ei voldsom auke i skatteinngangen frå år til år.
Dei mest tenlege løysingane
Eg inviterer gjerne alle partia på kaffi på terrassen for ein god politisk prat om løysingane. Og eg kan syta for publikum også, og ein einskild veljar vert for lite. Det regjerande gubbeveldet har for lengst køyrt seg fast i inngrodde idear og oppfatningar som knapt er tenlege i det moderne Fusa. Og korleis vert kommunen attraktiv av det?
Lukka er å vera ein fri og ubunden veljar i desse tider. Men sjeldan har lysta til å gå til valurna vore mindre. Eg kjem til å nytta stemmeseddelen til det partiet som presenterer dei mest tenlege løysingane for meg sjølv, og framtida i denne kommunen.
Det regjerande gubbeveldet har for lengst køyrt seg fast i inngrodde idear og oppfatningar som knapt er tenlege i det moderne Fusa. Og korleis vert kommunen attraktiv av det?
Cathrin Valestrand
Frustrert veljar