Politiet følgde etter bil grunna feil lys-bruk, så stoppa ikkje bilen ved dette stoppskiltet
Det resulterte i ein saftig bot for bilføraren.
– Slik det ser ut i politiloggen, skal politiet først ha treft på bilen på Byvegen. Då han kom inn i Lepsøykrysset, skal han ikkje ha stoppa opp ved stoppskiltet. Dette resulterte i ein bot på 6.800 kroner og tre prikkar. Han fekk også munnleg pålegg for feil lysbruk, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.