Mange nye andlet
Måndagens val førte til at meir enn halvparten av representantane i Fusa kommunestyre vart bytt ut. Yngst er Peter-Hans de Zwarte (24) frå Strandvik.
De Zwarte var også den av representantane som klatra mest på listene. 24-åringen låg i utgangspunktet på 12. plass på Senterpartiet si liste, men enda opp som den i partiet med tredje flest røyster.
- Eg var ikkje heilt klar over at eg skulle koma inn, men det er ein stor og viktig jobb, så eg takkar for tilliten, seier De Zwarte.
Artikkelen held fram under annonsen.
24-åringen engasjerer seg mykje i heimbygda si, Strandvik. Han er leiar i Strandvik bygdeutval, og står mellom anna bak nettsida strandvikjo.no.
- Eg trur nok det er årsaka til at eg kom inn. Dessutan hadde jo Senterpartiet nesten 70 prosent oppslutnad i Strandvik.
De Zwarte er ikkje berre den yngste representanten i kommunestyret. Han er også den einaste "utlendingen". 24-åringen har hollandsk statsborgarskap.
Då De Zwarte var vel to år, flytta familien hans frå Nederland til Lærdal. Nokre år seinare gjekk turen vidare til Strandvik.
- Far min fekk jobb som organist i Fusa. Eg gjekk halve 1. klasse i Lærdal og halve i Strandvik, fortel han.
- Klare for eit skifte
De Zwarte skulle helst hatt fleire unge "kollegaer" med seg i kommunestyret. 24-åringen brenn for Senterpartiets slagord "levande bygder", samt å få fleire ungdomar til å flytta attende til Fusa etter endt utdanning.
- Det er ei vanskeleg sak. Men eg trur nøkkelen til å få opp folketalet er lokale møtestader som til dømes skule og restaurant. I tillegg er arbeidsplassar svært viktig. Og så må det bu andre ungdomar her, seier han og legg til:
- Når ein først får ungdomar til å flytta til ein stad, så følgjer det ofte fleire med.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva trur du vert utfordrande med å vera del av kommunestyret i Fusa?
- Det er mange røynde politikarar i kommunestyret. Det vert kanskje litt utfordrande å uttala seg i dei ulike sakene, i alle fall det første året. Det burde vore fleire unge representantar med, meiner han.
Eit anna ungt kommunestyremedlem, er 30 år gamle William Lindborg (Ap). Lindborg er nyinnflytta fusing, kjem opphavleg frå Søfteland, og er, for osingar flest, best kjent som ein av brørne bak Rock´n´lol-festivalen på Søfteland.
30-åringen arbeidar som administrativ leiar for Bergen internasjonale filmfestival (BIFF), ein festival som går av stabelen om få dagar.
- Det var kanskje litt overraskande at eg kom inn, men eg gler meg veldig til å ta fatt på oppgåva, seier Lindborg som låg på 7. plass på Arbeidarpartiet si liste.
Arbeidarpartiet gjorde eit brakval i Fusa, og dobla talet på mandat i kommunestyret frå førre val. Lindborg trur det har samanheng med at partiet har ein god ordførarkandidat som fusingane har tru på.
- Dessutan trur eg at folk er klare for eit skifte, seier han.
Osingen har vore fusing i litt over eitt år. Ei av sakene han er oppteken av, er å gjera Fusa meir attraktiv for tilflyttarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Når eg fortel at eg har flytta til Fusa, er det mange som ser litt rart på meg. Men eg synest det er ein fantastisk stad å bu, understrekar 30-åringen.
Vanskelege prioriteringar
Lindborg meiner også det er viktig å styrkja den offentlege skulen i kommunen.
- Eg er fersk, både som politikar og i kommunen. Det kan nok verta litt utfordrande for meg. Samstundes er det kanskje greitt å ikkje gå rundt å dvela ved gamle feidar, ein ser ting med litt andre auger når ein er ny, seier Lindborg og legg til:
- Den største utfordringa vert nok den økonomiske situasjonen til kommunen. Det vert ikkje berre berre å vera med på å prioritera, trur han.
Andre nye andlet i kommunestyret er Svein Lang, Richard Markhus og Jan Birger Landøy frå Senterpartiet, Agnete Digranes Årvik og Helge Mjånes frå Arbeidarpartiet, Lars Erik Dalland og Ranveig Næss frå Høgre og Bjarte Samnøy og Toralv Huse frå Kristeleg Folkeparti.
Mange eldre menn
Av dei "gamle travarane" finn ein Mikal Leigland og Margunn Yndestad Samnøy frå Senterpartiet, Magne Djuvik, Kristine Hjartnes og Roger Hoel frå Framstegspartiet, Atle Kvåle, Anne-Grethe Gjerdevik og Hans Ekeberg frå Arbeidarpartiet, Aud-May Boge frå Høgre og Gustav Folkestad frå Venstre.
Det nye kommunestyret består av 15 menn (71 prosent) og seks kvinner (29 prosent). Éin representant er under 30 år, åtte er mellom 30 og 50, 11 mellom 50 og 70, og éin er over 70 år.
Medan snittalderen til damene er 44,6 år, er snittalderen til mennene 53,6 år. Altså 9 år meir.
Artikkelen held fram under annonsen.
Snittalderen til kommunestyret som heilheit er 51 år.
Når det gjeld geografi, så har Eikelandsosen seks representantar, Bogøy, Fusa og Strandvik har tre kvar, Baldersheim og Vinnes har to kvar, medan Holmefjord og Sævareid har éin representant kvar. Korkje Hålandsdalen eller bygdene sør for Baldersheim er representerte i det nye kommunestyret i Fusa.
Fusa har 2.915 personar med røysterett. Av desse nytta 1.962 personar seg av retten. Det gjev kommunen ei valdeltaking på 67,3 prosent. I Hordaland var valdeltakinga 62,1 prosent, medan valdeltakinga på landsbasis var 59,9 prosent.
I 2011 var valdeltakinga i Fusa 70,5 prosent.