Storfint stortingsbesøk
Nyleg sidan vitja stortingsrepresentant Astrid Aarhus Byrknes (KrF) Eide Fjordbruk AS sine lokale i Eidestøa i Hålandsdalen.
Byrknes er eigentleg ordførar i Lindås på tiande året og del av Fylkestinget i Hordaland, men i desse dagar er ho vararepresentant på Stortinget for partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, som har pappaperm.
Med seg på besøket hadde Byrknes mellom andre lokallagsleiar i Fusa KrF, Sigbjørn Sundfjord, og kommunestyrerepresentant, Bjarte Samnøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Representantar for verksemda fortalte mellom anna litt om det nybrotsarbeidet som sonen til Knut Frode Eide, Sondre Eide, held på med. Tiltaka gjer det mogleg å fanga opp uønskte situasjonar nærast før dei skjer, fortalte Samnøy til «Os og Fusaposten» i etterkant av besøket.
Før nytta oppdrettsnæringa gjerne dykkarar, i dag er det sensorar og minikamera som gjer jobben med å halda auge med anlegga.
- Eide Fjordbruk AS har hatt ei enorm utvikling sidan verksemda vart etablert i 1970. Det var interessant å sjå og høyra kva dei held på med. Eg er utruleg imponert over det nybrotsarbeidet dei gjer, påpeikar Samnøy.
KrF-politikaren synest det var stas å ha med seg Byrknes til ein lokal arbeidsplass med lokale entreprenørar i Fusa.
- For meg som lokalpolitikar er det dessutan greitt å vita kvar skoen trykkjer. Til hausten skal vi i gang med ein akvakulturplan i Fusa. Då er det nyttig å vita kva utfordringar næringa står overfor, seier Samnøy.