Influensautbrotet for denne vinteren er i gang
Årets influensavirus er på frammarsj, og delen influensapositive prøvar har flytta seg frå lågt til middels nivå, ifølgje Folkehelseinstituttet.
Influensautbrotet denne vinteren er altså i gang over heile landet. Førre veke (veke 52) auka nivået av influensaliknande sjukdom frå svært lågt til lågt, og omfatta 1,1 prosent av legekonsultasjonane i primærhelsetenesta. Det er opp 0,4 frå veka før.
Talet på påvisingar av influensavirus aukar òg, og delen influensapositive prøvar gjekk i veke 51 frå lågt til middels nivå, med lokale forskjellar, melder Folkehelseinstituttet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I veke 52 var totalt 123 pasientar innlagde med influensasjukdom, av dei 102 med influensa A og 21 med influensa B.
Ifølgje Folkehelseinstituttet har influensautbrot som startar på dette tidspunktet på året, ofte utbrotsstopp i februar/mars, men storleiken på utbrotet og når toppen blir nådd, er vanskeleg å føreseie.
(©NPK)