Solbrun gründer
Ann Helen Undheim brukte éin månad på ta eit kurs, finna lokale og opna si eiga spraytan-verksemd.
- Eg merkar at eg er fokusert og nøye når eg held på. Det er viktig for meg å ikkje gløyma ein flekk, seier 23-åringen.
12.000 Instagram-følgjarar
Etter å ha blitt gravid i relativt ung alder, har tobarns-mora slite med å koma i gang med utdanning.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utdanninga blei sett på vent. Eg har slite litt med å finna min plass, om ein kan seia det slik. Eg har gjort litt forskjellig. No sist jobba eg i barnehage, men det var ikkje for meg. I alle fall ikkje over tid, seier ho.
23-åringen har over 12.000 følgjarar på Instagram, der ho mellom anna legg ut interiørbilete. Ho har tidlegare samarbeidd med Bergen Spraytan. Det var slik ho kom på ideen om å starta Os Spraytan. Etter det, gjekk det raskt i svingane.
- Då eg sa det til mannen min, blei han nok litt oppgitt. Det er mykje att og fram med meg, men no trur eg at eg har funne noko som eg vil driva med i lang tid, seier Undheim.
Ikkje det største lokalet
Det var i grunn Instagram-kontoen som sytte for at ho fekk tilgang til eit passande lokale på kort tid òg. Undheim held til midt i interiørbutikken 2Villa i Os Næringspark.
- Eg samarbeider med dei av og til, ved at eg viser fram produkta deira til følgjarane mine. Dei sa til meg at dei hadde eit ledig rom i lokalet, og at eg burde leiga der. Eg slo til, seier Undheim.
Lokalet er ikkje det største, men det er akkurat plass nok til det som er naudsynt.
- Eg har omkledingskrok, vask, eit par stolar og ei hylle til produkta. Teltet som står her er ei mellombels løysing medan eg ventar på ein vegg som kundane skal stå framfor når dei blir spraya, seier Undheim.
Det vil alltid vera skeptikarar
Gründeren er nemleg ikkje heilt i mål med innreiinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har gått unna sidan eg opna 10. november. Dei første dagane jobba eg frå morgon til seint på kveld. Det har vore ein god start, seier Undheim og legg til:
- Eg har fått mange positive reaksjonar etter at eg opna. Det vil sjølvsagt alltid vera nokre skeptikarar òg. Dei som seier at ein blir oransje, og at ein kjem til å sjå ut som ei gulrot etter å ha fått spraytan, får berre tru det, seier Undheim og smiler.
Brukte mannen som modell
Då gründeren trong ein mannleg modell, måtte mannen hennar Anders Waage trø til.
- Han brydde seg ikkje om at han måtte stilla opp. Han er ikkje nervøs for slike ting. Det som var morsosamt, var å sjå reaksjonen hans. Då fargen begynte å gå av, kom han til meg og sa at no var det snart på tide at han blei spraya igjen. Det var tydeleg at han var nøgd, seier Undheim og smiler.
- Anders er faktisk den einaste mannlege kunden eg har hatt så langt. Eg håpar fleire vågar ta turen.
Det er ikkje alle som har anlegg for å bli særleg brun. Då kan spraytan vera eit ypparleg hjelpemiddel, ifølgje Undheim.
- Det er kjekt å sjå og høyra reaksjonane. Det hjelper på sjølvtilliten å få litt farge, litt glød.
- Sprayar du alle i éin brunfarge?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det finst ulike farger. Ein må sjølv forklara korleis ein ønskjer å sjå ut. Så må eg føla meg litt fram. Litt som ein frisør. Som regel gjev eg dei gjerne ekstra brunfarge. Heller det enn lysare enn kva eg trur dei ønskjer. Det er keisamt å gå her i frå og føla at ein ikkje blei brun, seier Undheim.