Ingeborg, Maren, Dina og Ingebjørg.
Ingeborg, Maren, Dina og Ingebjørg.

Osingar imponerte i bakkane

I helga var det Vestlandsmeisterskap i alpint i Myrkdalen. To lokale jenter hamna på pallen.

- Det var fire Os jenter som hevda seg, og som har delteke aktivt heile sesongen, fortel John W. Storlid, far til ein av jentene, Ingeborg Mowinckel Reksten.

Ingeborg, som tevlar i U12-klassen, tok bronse. Det same gjorde Maren Skogen i U16-klassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to andre, Ingebjørg Hollevik (U12) og Dina Søvik Midtun (U14), gjorde det også bra, men hamna utanfor pallen.

Over 200 utøvarar

Ingeborg og Dina køyrer for Fana IL, og Ingebjørg og Maren køyrer for Samnanger IL. Litt over 200 løparar frå heile landet deltok i meisterskapen. Brorparten kjem frå Vestlandet.