Hugs at ikkje alt skal i doskåla. (Illustrasjons
Hugs at ikkje alt skal i doskåla. (Illustrasjons

Manar osingane til godt dovit

Torsdag 19. november er utpeikt av FN til verdas do-dag. No ber "do-sjef" Marianne Kramer i Os kommune, osingane om ikkje å tøma pinnekjøtfeittet i do eller i vasken, men i boset.Anne Marie Aarøen Vangsnes

Medan FN har utpeikt 19. november til verdas do-dag for å setja fokus på dei 2,5 milliardar menneska på jorda som lever utan skikkeleg sanitærsystem, let ikkje Os kommune høvet gå frå seg til å ropa eit varsku om det vi må kunne kalla eit i-landsproblem: Nemleg feittproppar i avløypsrøyra.

- Enkelte i Os har brått stått med ein halvmeter kloakk i kjellaren på grunn av slike blokkeringar i avløpsnettet, seier leiar for Teknisk drift i kommunen, Marianne Kramer.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desse førjulstider ber ho folk tenkja over kva dei gjer med pinnekjøtkrafta, restar av steikefeitt i panna eller den siste oljeresten i fetaostglaset.

- Ikkje kast feittet i vasken eller do! Det går ikkje greitt å hella matrestar og feitt i avløpet og deretter skylja med varmt vatn eller zalo, seier ho.

Feitt skal nemleg i restavfallet eller i komposten. Vent til steikefeittet i panna er heilt avkjølt og stivna, slik at du kan tørka det av med tørkepapir og kasta papiret i boset, er rådet frå Kramer.

Do-vit

Sjølv om det kanskje er snakk om berre små mengder flytande feitt om gongen, festar det seg litt etter litt på innsida av røyra og dannar harde proppar av stivna feitt. Som om ikkje det var uappetittleg nok, skaper feittlageret òg gode tilhøve for rotter og andre skadedyr.

I høve do-dagen nyttar difor do-sjef Kramer høvet til å spreia godt do- og feittvit.

- Berre tre ting skal i do: Bæsj, tiss og dopapir. Dersom du hiv andre ting i do, risikerer du at kloakken blir stogga på vegen i avløpsrøyra og kjem attende til deg, åtvarar ho.