Må koka vatnet

Kommunen har sendt ut kokevarsel for fleire område i Os.

Frå kl 23 i kveld må både Svegane, Hagavik, Nore Neset og Lepsøy koka vatnet.

Grunnen er eit vassleidningsbrot i Industrivegen som gjer at Hovland vassbehandling må koplast inn på nettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss, må kokast fyrst. Vi er lei oss for ulempene dette gir, og jobbar så raskt vi kan for å løyse problemet. Det vert og sendt uten eigen varsling pr sms. Eigen vasstank vert sett ut ved Kysthospitalet, melder kommunen.

Dei kjem med oppdatering i morgon tidleg.

Kommunen melde tidlegare i dag at; 

'Vassledningabrot i Industrivegen medfører lågare trykk ut på nettet. 

Brotstaden er enno ikkje lokalisert, vi jobbar så raskt vi kan. 

Bustader som ligg høgt (70 meter over havet og høgare) kan mista vatnet eller få lågare trykk.

Det er etablert vasspost utanfor Rådhuset(hydrant) der ein kan henta vatn.

Ikkje bruk vaskemaskinar og lignande dersom du er utan vatn eller har lågt trykk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Tapp med reint vatn etterpå.'

Følg kommunens driftmeldingar her: https://oskommune.no/veg-vatn-kloakk-og-avfall/vatn-og-kloakk/driftsmeldingar-for-vatn/