Lensmann Oddbjørn Dyrdal (arkivfoto).
Lensmann Oddbjørn Dyrdal (arkivfoto).

Ser alvorleg på knivranet

- Den unge mannen trekte kniv og heldt den mot mageregionen på ungdomen for å tileigna seg ein gjenstand. Det er alvorleg, seier lennsmann Oddbjørn Dyrdal.

Hendinga fann stad utanfor Amfi senteret onsdag ettermiddag. Ein mann i 20-åra truga til seg ein mobil frå ein 17-åring ved å halda ein kniv mot mageregionen hans. Politiet var raskt på staden, og fann gjerningsmannen.

- Me er heilt sikre på at det rett person, seier Dyrdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire sakar på vedkomande

Den unge mannen var utagerande, og politiet måtte bruka pepperspray på han for å roa han ned.

- Saka vert etterforska som personran. Me har fleire saker på vedkomande, som ran besittelse av tjuvgods, ruspåvirking og trugslar. Han vert mest sannsynleg framstilt for varetektsfengsling i dag, seier Dyrdal.