Os Alliansen 2000 foreviga etter bronseplasseringa i eliteturneringa på Hamar. (Privat foto)
Os Alliansen 2000 foreviga etter bronseplasseringa i eliteturneringa på Hamar. (Privat foto)

Bronsehelg på Hamar

Tre lag frå Os var i aksjon i eliteturneringa på Hamar. Best gjekk det for gutar 15-gjengen.

Det var tredje året på rad at gutar 2000-laget til Os Alliansen deltok i HamKamp Talentcup på Hamar. I år vart det nesten finale.

- Tidlegare år har me roke ut på myntkast og meir tilfeldig uflaks. Denne gongen fekk gutane verkeleg vist kva dei duger til, seier trenar Jan Frode Skeie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter siger over Nanset og Høybråten/Stovner tok dei seg til åttandedelsfinalen. Her slo dei Gimle 2-1. I kvarfinalen vart det 2-0-siger over den gamle storklubben Lyn.

- Det var kanskje ekstra artig for gutane. Me tapte nemleg for Skedsmo i innleiande runde, men dei vart slått ut av Lyn i åttandedelsfinalen, fortel Skeie.

Stor gute-generasjon

I semifinalen vart det 0-0 etter ordinær tid mot Sandnes-Ulf. Deretter rauk osingane 3-4 på straffer.

- Det var surt å ikkje få finaleplassen. Vinnarane i denne klassen vart Sogndal. Eg trur våre gutar hadde klart seg bra mot dei, meiner Skeie.

Kring 50 gutespelarar var i aksjon på Hamar i helga. I tillegg til Os Alliansen 2000, stilte Os gutar 1999 og eit samansett lag beståande av Nore Neset IL-spelarar og Os Turn rekrutt-spelarar.

- Det er imponerande mange gode gutespelarar i Os for tida. Totalt har me kring 100 spelarar. At dei kan få vera med på ei turnering som denne, er god motivasjon for gutane, og veldig samansveisande på tvers av klubbane, seier Skeie.

Os gutar 1999 kom til kvartfinalen. Der tapte dei 1-5 for Eina.

Nore Neset/Os spelte på nivå 2 og kom seg heilt til semifinalen. Her rauk dei ut for Skedsmo 2.