12-åringar og 15-åringar trente i lag i kveld, og stilte opp til lagfoto etterpå.
12-åringar og 15-åringar trente i lag i kveld, og stilte opp til lagfoto etterpå.

Første trening med Wolverines

I kveld hadde Eivind (12) og Johan (12) si første trening på juniorlaget til Os Wolverines. Trenaren ønskjer å byggja eit sterkt lag att - takling for takling.

- Eg har sett amerikansk fotball på TV, og syntest det såg gøy ut, sa Eivind Haga Haukedal etter si første trening med Os Wolverines.

- Var det gøy, då?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, men litt slitsomt når me måtte hoppa opp og ned 20 gonger på slutten, seier Johan Døsen Borge.

Å takla smerte må lærast

Trenaren deira, Alexander Brinchmann-Hansen, seier at han lærer opp dei ferske rekruttane til å takla smerte. - Dei må læra seg skilnaden på å få vondt og å bli skadd. For du kjem til å få vondt. Det blir blåmerke og skrubbsår, seier Brinchmann-Hansen som også er aktiv spelar i Åsane.

Les lengre reportasje i «Os og Fusaposten» på laurdag!