Fritidsleiar Heidi Skår Dale i lag med Ibrahim, Solgunn, Marit og Jacob på språk-kafeen i Fusa.
Fritidsleiar Heidi Skår Dale i lag med Ibrahim, Solgunn, Marit og Jacob på språk-kafeen i Fusa.

Ny fritidsleiar i Fusa

Heidi Skår Dale er namnet på den nye fritidsleiaren i Fusa kommune. - Kjekt å sjå dåke, smiler Heidi til dei som kjem inn dørene til språk-kafeen ved Fusa vidaregåande skule.

Fritidsleiaren har ei 40% stilling og jobbar mellom anna med fritidstilbod til menneske med utviklingshemming. Det er torsdagsklubb ein gong i veka, og idrettsskule for vaksne.

- Kvart idrettslag har eit tilbod til brukarane nokre gonger kvar gjennom skuleåret, fortel fritidsleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode krefter

I tillegg har ho ei 20%-stilling som går på integrering av flykningar, eit prosjekt som Fusa kommune fekk pengar til frå Fylkesmannen i Hordaland.

Saman med andre gode krefter står ho for organiseringa av internasjonal kafé, slik som sist laurdag.

Ordninga med besøksvener er også hennar ansvar.

Hasardiøst

Språk-kafeen er eit tilbod som er obligatorisk for dei som er i introduksjonsprogrammet, altså flyktningar, men er også eit tilbod til andre framandspråklege og fusingar elles.

- Me har fått to jenter med oss som leikar med dei minste ungane, slik at foreldra kan praktisera norsk, fortel Heidi.

Tydsag var det god stemning i lokalet. Praten gjekk - om ikkje knirkefritt - men med svært godt humør, hasardiøs brettspeling, kaffi og noko å bita i.