Dei seinare åra er talet på gudstenester i Fusa kraftig redusert, utan at biskopen har endra talet forventa, eller såkalla forordna, gudstenester. Årsaka er færre presteressursar i soknet.
Dei seinare åra er talet på gudstenester i Fusa kraftig redusert, utan at biskopen har endra talet forventa, eller såkalla forordna, gudstenester. Årsaka er færre presteressursar i soknet.

Varslar bekymringsmelding til biskopen

Biskopen i Bjørgvin vil oppretthalda talet på gudstenester i Fusa, trass mindre presteressursar. Situasjonen uroar Fusa sokneråd.Anne Marie Aarøen Vangsnes

Når Fusa sokneråd møtest komande laurdag, står gudstenesteplanen for perioden 1. september til 31. desember på dagsorden. I innkallinga står det at: "Soknerådet vil sjå på gudstenesteplanen for 1. halvår 2016 før ein eventuelt sender ei bekymringsmelding til biskopen om nedgangen i gudstenestetalet."

Biskopen har ikkje tatt tak

Dei seinare åra er talet på gudstenester i Fusa nemleg kraftig redusert, utan at biskopen har endra talet forventa, eller såkalla forordna, gudstenester. Årsaka til nedgangen i gudstenester er færre presteressursar i soknet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Soknerådet forventar ikkje at ein prest skal gjera det same som om ein hadde hatt eitt og eit halvt årsverk eller to årsverk med presteressursar, heller ikkje når det gjeld tal gudstenester. Men biskopen har ikkje tatt tak i det at presteressursar har innverknad også på gudstenestetalet her i Fusa, seier kyrkjeverje Harald Geir Sæther.

Løftebrot

Frå slutten av 90-talet og fram til i dag har talet forordna gudstenester i Fusa gått jamt nedover. I 1998 var talet 120, i 1999 104, for så å minka til 94 i 2013. Året før sa biskop Halvor Nordhaug fylgjande i Fusa kyrkje:

- Det har vore lite snakk om kor mange gudstenester det skal vera når bispedømet samtidig prøver å fordela prestetenesta meir rettferdig i prostiet. Difor er det fint for meg i dag å kunne seia at bispedømet vil skjerma gudstenestene i Fusa. Vi vil stilla opp med presteressursar til like mange gudstenester som før.

Peika på utviklinga

Men det var i 2012. Sidan då har Fusa mista ei 80 prosent kapellanstilling. I dag er det ein sokneprest i full jobb, pluss nokre få prosent til gjennom eit prestesamarbeid med Samnanger.

I 2015 vart det difor gjennomført berre 77 forordna gudstenester.

- Eg vil ikkje meina noko om vi har for mange eller for få forordna gudstenester i dag, men berre peika på utviklinga som har skjedd, seier kyrkjeverja.

Soknepresten har i samråd med andre tilsette og soknepresten i Samnanger, laga ein gudstenesteplan for fyrste halvår av 2016. Målet om 94 forordna gudstenester vert truleg ikkje nådd.

- Soknerådet må no ta stilling til om ein skal be biskopen sjå nærmare på kva tal forordna gudstenester Fusa skal ha i framtida, seier kyrkjeverja.