Eldsjeler med MOT
10. og 11. september arrangerte MOT Noreg eldsjelsamling for lokal MOT-leiing. Os var godt representert.
Frå Os deltok rektorane på dei to ungdomskulane våre, Os og Nore Neset, oppvekstsjef, MOT-koordinator og informatørar.
Samlinga hadde eit tett og innhaldsrikt program. Det starta med gjesteinnlegg av Edvard Befring som er professor i spesialpedagogikk. Dag Otto Lauritzen hadde eit flott foredrag om fokus og vilje i motbakke. Vi fekk også diskutert korleis vi saman skal byggja eit godt MOT-team i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blir delt ut ein rekkje prisar på samlinga, og vi vil gratulera Fjell kommune som årets lokalsamfunn med MOT!
Os kommune har vore eit lokalsamfunn med MOT sidan 2006. Vi er fire informatørar som følgjer skuleprogrammet frå elevane startar på 8.trinn, til dei går ut 10.trinn. Allereie i 7.trinn treffer elevane MOT for første gong gjennom Ungdom med MOT. Dette er elevar frå 9.trinn, som har gjennomgått skulering og blitt ungdom med MOT.
Ungdom med MOT har tre besøk i 7.klassane i løpet av våren. Dette fungerer som ei førebuing til ungdomsskulen, og ei slags fadderordning. Når det kjem nye elevar på 8. trinn til ungdomskulane våre, kjenner dei nokon som då går på 10. trinn. Dette er med på å skapa tryggleik i ein ny og spanande kvardag.
I tillegg kan ungdomane som går vidare til Os Gymnas møta MOT der.
Vi som deltok på samlinga i Trondheim kom heim med ny inspirasjon, og er klare for å brette opp ermane og implementera MOT endå meir i kommunen vår!
Dette er eit viktig arbeid som er med på å bevisstgjera og styrkja ungdoms mot - MOT til å leve, MOT til å bry seg, MOT til å seia nei, og MOT til å ta eigne val.
MOT samarbeider med omlag 300 skular og når ut til 65.000 ungdomar over heile Noreg. Det blir gjennomført over 15.000 MOT-møte på desse skulane kvart år, og MOTs ildsjeler bruker årleg rundt 30.000 timar i klasseromma.
Ellen Merete Lyssand
Artikkelen held fram under annonsen.
MOT-koordinator