Innvandringsdebatt i formannskapet
Opposisjonen ville vita kva Os kommune må gjera for å rusta seg på fleire flyktningar. Rådmannen uroar seg over at arbeidsinnvandrarar flyttar heim att.
Øystein Lid
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
I kjølvatnet av oppslag i «Os og Fusaposten» om flyktningspørsmålet laurdag, diskuterte politikarane i sommarens siste møte kva kommunen må gjera dersom regjeringa krev at kvar kommune må ta i mot fleire flyktningar frå Syria. Jon Sivert Rykkel (V) tok saka opp under politisk kvarter.
- Me har høyrt om at integreringa har fungert godt i Os. Men me kunne tenkja oss ei sak som gjev ei heilskapleg utgreiing om dette. Kva må me gjera for å rusta kommunen til å ta i mot fleire? spurde han.
Kommunalsjef for helse, omsorg og beredsskap, Nils-Petter Borge, svarte at utfordringa primært er på busetjingssida.
- Det er som vanleg vanskeleg å finna bustader nok både til flyktningar og til andre i Os med eit bustadbehov. Det er det NAV har størst utfordring med. Elles går det greitt, sa Borge.
At fleire kjem frå vanskelege situasjonar og utrygge land, medfører at ein må jobba godt og systematisk, og gje ei god oppfølging på helsesida. Han sa at han kunne koma tilbake med ei sak som viser kva bustadbehovet er, så sant politikarane gav han ei tydeleg bestilling på det.
- For tidleg
Men Espen Aspenes (Frp) meinte det var for tidleg å be administrasjonen utgreia det alt no.
- For at ei slik sak skal ha noko meining, må me først få avklara frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) kor mange dei vil at ein skal ta i mot.
- Det er ikkje god ressursbruk å først laga ei sak, og så laga ei til når kravet kjem, sa Aspenes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tor-Inge Døsen la til at han meinte saka i så fall burde takast opp som del av haustens budsjettbehandling.
- Skal det bli noko dreis på det, må me byggja bustader. Og det vil kosta noko. I år har me ikkje meir pengar. Skal me ha pengar til å byggja noko til neste år, må det opp i samband med budsjettarbeidet, sa Døsen.
Dei flyttar tilbake
Rådmann Knut Terje Rekve var oppteken av ei anna side av innvandringsspørsmålet, nemleg utvandring.
- Eg såg nett no at Os har falle ut av statistikken over dei kommunane i landet som veks mest. Då eg skulle analysera tala, såg eg at det mest sannsynleg har å gjera med arbeidsinnvandrarar som flyttar tilbake til heimlandet, sa Rekve.
Om dette betyr at det blir fleire ledige bustader var derimot ikkje sikkert, sidan det også er tilflytting. Vidare påpeikte Rekve at mødrene i Os før for få born.
- Det me slit med er fødselstala. Dei er framleis lågare enn kva som er tilfelle på Stord.
- Kanskje me får ta ein studietur til Stord, føreslo Espen Aspenes.
Det tydelege signalet Nils-Petter Borge etterlyste kom uansett ikkje i dette møtet.