Politiet i Fusa måtte bistå Kvam og Samnangar lensmannsdistrikt ved å stogga ein trailersjåfør som grisekøyrte torsdag. (Arkivfoto)
Politiet i Fusa måtte bistå Kvam og Samnangar lensmannsdistrikt ved å stogga ein trailersjåfør som grisekøyrte torsdag. (Arkivfoto)

Kjefta på sjåfør

Torsdag stogga politiet i Fusa ein semitrailer med utanlandske skilt i nærleiken av Kilen. Sjåføren fekk ei kraftig åtvaring frå politiet.

Det var politiet i Kvam og Samnanger som bad dei tilsette ved Fusa lensmannskontor om hjelp. Kvemmingane hadde fått tips frå publikum om ein trailersjåfør som grisekøyrte.

- Føraren skal ha køyrt forbi andre trailerar og personbilar. Køyringa var stygg, opplyser vakthavande betjent ved Fusa lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha observert køyringa ei stund, stogga politiet han i nærleiken av Kilen. Køyretøyet vart kontrollert og sjåføren fekk seg ei kraftig åtvaring.

- Han fekk beskjed om å ta det med ro. I tillegg noterte vi ned namn og nummer i registera våre, opplyser politiet.