Kåre Johnsen (t.v.) og Karl Røttingen vart vitne til ei dramatisk hending i Øyane ved krigsutbrotet 9. april 1940.
Kåre Johnsen (t.v.) og Karl Røttingen vart vitne til ei dramatisk hending i Øyane ved krigsutbrotet 9. april 1940.

Krigsdramatikk i Øyane

Dei vart vekte av flyduren over husa om morgonen. Berre få timar seinare såg dei den norske mineleggjaren «Tyr» bli angripen av tyske torpedobåtar ved inngangen til Strøneosen.

Wenche M. Eriksen

wenche.eriksen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Me snakkar sjølvsagt om den tyske invasjonen av Noreg 9. april 1940. Det er to av augevitna, Kåre Johnsen (f. 1926) og Karl Røttingen (f. 1929) frå Lepsøy, som fortel om den dramatiske hendinga dei vart vitne til denne aprildagen.

- Eg trur du må bli med oss opp på Bålhaugen (i Sundøyhagen), for det var her alle ungane samla seg 9. april, seier Kåre Johnsen.

Vel oppe på haugen kan me berre konstatera at utsynet til fjorden og øyane er minimal på grunn av den tette vegetasjonen. Men me får eit inntrykk av staden før me går ned og tjuvlåner uteplassen til ein som har bygd seg hus på sjøsida av haugen. Her har me fritt utsyn, og det er lett for Kåre og Karl å peika ut kvar åtaket på «Tyr» skjedde, og kvar mineleggjaren tok vegen etterpå.

Me har ikkje bilete av mineleggjaren DS «Tyr», men Kåre Johnsen har funne eit gamalt foto av eit søsteskip som viser korleis skipet såg ut.
Me har ikkje bilete av mineleggjaren DS «Tyr», men Kåre Johnsen har funne eit gamalt foto av eit søsteskip som viser korleis skipet såg ut.
Me har ikkje bilete av mineleggjaren DS "Tyr", men Kåre Johnsen har funne eit gamalt foto av eit søsterskip som viser korleis skipet såg ut.
Me har ikkje bilete av mineleggjaren DS "Tyr", men Kåre Johnsen har funne eit gamalt foto av eit søsterskip som viser korleis skipet såg ut.

Jaga heim frå skulen

Borna som kom på skulen morgonen 9. april, fekk beskjed om å koma seg heim att med det same. Noreg var invadert!

14-åringen Kåre hadde fri denne tysdagen, og som alle dei andre ungane i området, sette han kursen for Bålhaugen for å få best mogleg utsyn i alle retningar, ikkje minst mot fjorden og i luftrommet.

- Me skjøna nok ikkje heilt alvoret i byrjinga, og var sjølvsagt forvitne på kva som skjedde.

Frå Bålhaugen kunne dei sjå ut mot Alholmen, Husfjellstangen, Forstrønesundet og litt av Strøneosen.

Tysk torpedoangrep

- Det gjekk ikkje lange stunda før me såg kolrøyk stiga opp bak Husfjelltangen. Me trudde først det var lokalrutebåten DS «Fusa» som kom, for han gjekk vanlegvis gjennom Forstrønesundet, fortel dei to øybuarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rutebåten dei snakkar om var eigd av Det Midthordlandske Dampskibsselskab, og gjekk mellom Bergen og Samnanger fram til januar 1945, då han vart utsett for åtak frå dei allierte i Korsfjorden. Båten sokk og fleire personar omkom.

Men det var ikkje røykjen frå DS «Fusa» ungane såg denne føremiddagen - det var den gamle, norske mineleggjaren «Tyr».

- Etter det vi veit hadde han vore på minelegging nord i Vatlestraumen, seier Kåre og peikar ut retninga med eine gåstaven.

- «Tyr» var ein veldig saktegåande båt, han gjekk neppe meir enn 7-8 knop, tippar Karl.

- Like etterpå fekk me auga på to kvite hurtigåande torpedobåtar - eller Schnell-båtar som dei vart kalla. Dei kom frå Korsfjorden i nord, og møtte «Tyr» like utanfor her. Det vart skotveksling, og me vart vitne til eit skikkeleg sjøslag. Det drønna og smalt rundt oss.

- Vart de ikkje redde?

- I byrjinga tykte me jo at det var ganske spennande, men etter kvart følte me at det vart i meste laget, og me vart skikkeleg redde.

- Dei vaksne ropte også til oss at me måtte koma oss ned frå haugen, hugsar Karl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungane forstod alvoret, og la på sprang det fortaste dei kunne. Mange søkte ly i kjellaren hos læraren sin. Han hadde hus i dalsøkket like bak Bålhaugen.

- Me trykte oss så langt inn i potetkjellaren som me kunne koma, seier Kåre.

Lasta med miner og dynamitt

Dei to augevitna høyrde i ettertid at mineleggjaren skulle ha fått eit treff på ein av dei tyske båtane, men at det var over vasslina. Men, sikre er dei ikkje.

- Det me veit sikkert, er at «Tyr» hadde mykje sprengstoff om bord, 30 miner på dekk, og rundt 8-10 tonn dynamitt i lasterommet, fortel Karl.

- Ja, det hadde ikkje vore spøk om skipet hadde gått i lufta, legg Kåre til.

Då «Tyr» sette kursen inn mot Strøneosen, følgte ikkje torpedobåtane etter. Kapteinen sikta seg inn mot Larsafjero på Sundøy, og der køyrde han båten på land med vilje.

- Mannskapet og soldatane kom seg på land og tok til palings i alle retningar. Dei måtte gøyma seg i tilfelle det skulle koma flyåtak.

Øyane evakuert

Utpå kvelden og natta vart heile Øyane avakuert. Far til Karl Røttingen var medeigar i ein snurpebåt som no vart brukt til å frakta folk til Kvalesund, (mot Haugland). Ein annan båt tok folk med til Sundvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var ein del eldre folk som nekta å bli evakuerte, dei ville vera i heimen sin uansett. Heller ikkje far kunne overtalast til å bli med til ein tryggare stad, seier Kåre.

Etter at dei fleste var evakuerte, rodde fleire ut til ei skøyte som skulle brukast til å taua mineleggjaren ut i flo sjø.

- Og så søkkte dei alle minene som låg på dekket - og der ligg vel dei fleste enno, seier dei to kompisane.

Dei er litt usikre på om mineleggjaren hadde fått propellskadar etter landkjenninga. Skipet kom seg i alle høve vidare, og hamna til slutt i Uskedalen.