Leitaksjonen pågår framleis
Søket etter den 71 år gamle mannen som vart meldt sakna i Fusafjellet i går ettermiddag pågår framleis. Sivilforsvaret er kalt inn.
Mannen drog på Fusafjellet frå Fusatun-sida klokka 14.00 i ettermiddag. Kring klokka 17.15 var han i kontakt med kona over telefon. Då sa han at var på veg ned att frå fjellet, og at han rekna med å vera heime i 18-tida.
Klokka 21.00 vart politiet varsla om at mannen ikkje var komen heim. Med tanke på kulda, og mannens høge alder sette dei i gang full leiteaksjon med det same.
Artikkelen held fram under annonsen.
Operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt melder i dag tidleg at nattens søk har vore resultatlaust.
- Både Røde Kors, Norske redningshundar, Norsk folkehjelp og mannskap frå politiet deltek no i leiteaksjonen. Vonleg kan dagslyset etter kvart spela på lag med oss og hjelpa med tanke på spor i snøen, seier Kolltveit.
I går ettermiddag deltok også eit helikopter frå Sea King i leiteaksjonen. Det vert forløpande vurdert om dette skal kallast inn att når dagslyset kjem.
Mannskapane leitar i ulike teigar i området, styrt av ein innsatsleiar frå politiet.
Mannen var kledd i grøn jakke og svarte bukser. Politiet tek imot tips på telefon 02800 om nokon har sett mannen.