Borna kan gleda seg til naturvitskaplege forsøk og eige laboratorium. (Arkivfoto)
Borna kan gleda seg til naturvitskaplege forsøk og eige laboratorium. (Arkivfoto)

Barnehage blir Forskarfabrikk

Espira Ulvenvatnet barnehage satsar på realfag og vert no Forskarfabrikkbarnehage.

- Dette betyr at vi får eit godt innarbeidd verktøy for å arbeida med realfag i vår barnehage, seier styrar Katharina Søreide.

Forskerfabrikken er ein sosial entreprenør innan naturvitskap. Målet er å vekkja interesse hos born og unge for vitskap og teknikk. Det skal bli like naturleg for borna å driva med forsking på fritida, som å halda på med andre aktivitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I Kunnskapsbarnehagen Espira er realfag eit av dei områda vi satsar tungt på. Samarbeidet med Forskerfabrikken er eit av dei viktigaste verktøya vi har for å jobba godt med forskning og realfag på borns premissar, seier Søreide.

Laboratorium

Barnehagar som vert plukka ut til å bli forskarfabrikkar, får utstyr som mikroskop, reagensrør, pipettar, frakkar og briller. Det blir óg laga eit laboratorium der borna kan forska saman med dei vaksne i barnehagen.

Personalet i Espira Ulvenvatnet skal no på to ulike kurs hos Forskerfabrikken og læra å gjennomføra om lag 40 ulike forsøk saman med borna. Forsøka skal kunna gjerast både inne i laboratoriet og ute på tur under ulike årstider.

Espira Ulvenvatnet barnehage satsar på realfag og blir no Forskarfabrikkbarnehage. (Arkivfoto)
Espira Ulvenvatnet barnehage satsar på realfag og blir no Forskarfabrikkbarnehage. (Arkivfoto)

Det er godt dokumentert at denne måten å jobba på stimulerer både forståinga av naturvitskaplege fag og ikkje minst er gunstig for språkutviklinga.