Vegard Leikvoll Moberg saman med Sogndal-trenar Eirik Bakke då kontrakten blei signert fredag.
Vegard Leikvoll Moberg saman med Sogndal-trenar Eirik Bakke då kontrakten blei signert fredag.

Tøft første møte med Tippeligaen

- Det er utruleg kjekt å ha debutert, samstundes er det keisamt at eg gjorde ein feil som resulterte i baklengs. Det er godt at vi kom attende og tok det eine poenget, seier Vegard "Leik" Leikvoll Moberg.

Blekket på overgangspapiret hadde så vidt tørka før Leik gjekk ut på Fosshaugane Campus som del av startoppstillinga til Sogndal mot Bodø Glimt søndag.

- Eg blei kasta rett ut i det, ja. Eg merka raskt at tempoet er høgare i Tippeligaen enn i OBOS, seier Leik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøgd med debuten

Etter om lag 20 minutt blei Leik pressa til å gjera ein feil på midtbanen. Fleire Glimt spelarar var raskt oppe i press, og osingen mista ballen. Kort tid etter skåra Trond Olsen for Glimt.

- Slike feil er gjort før, og det skjer utan at det blir baklengs. Det var litt typisk at det skulle skje meg i debuten, og at det blei baklengs av det, seier Leik.

Der og då var han prega, og på TV-skjermen kunne ein sjå at osingen heldt henda til hovudet etter at ballen gjekk i nettet.

- Eg var prega der og då, men heldigvis klarte eg å omstilla meg mentalt, og eg kom meg utover i kampen. Eg er elles nøgd med debuten. Hadde det ikkje vore for den feilen, så hadde eg vore veldig nøgd, seier Leik.

Midt i smørauget

Bustad i Sogndal er også alt ordna, og Leikvoll Moberg gler seg til å koma seg til rette i ny leilegheit.

- Det var ein spelar som budde der før, men han flytta ut no, og eg kunne berre ta over. Det er vanskeleg å få tak i leilegheit her, så eg var heldig. Eg bur fem minutt unna stadion og fem minutt unna sentrum. Midt i smørauget, seier Leik.

Og ikkje minst, etter fem og eit halvt år i Åsane, der Leik har kombinert fotballkarrieren med studiar og jobb, kan han endeleg konsentrera seg 100 prosent om fotball.

- Eg har teke bachelor i marknadsføring, og var ferdig med det i fjor. Det siste året har eg jobba som lærarvikar på Søfteland og Strøno skule. Det skal bli veldig greitt å endeleg kunna fokusera utelukkande på fotball med trening og restitusjon. Eg reknar med at det vil bidra til at eg blir ein betre spelar, seier Leik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil utvikla seg vidare

Osingen har alltid hatt eit mål om å koma seg til Tippeligaen. Det betyr ikkje at han er nøgd og slår seg til ro med det.

- Førsteprioritet no er å koma godt inn i gruppa og spela meg til ein fast plass i laget. Det er stort å koma til Tippeligaen, og det er noko eg har drøymt om lenge. Førebels har eg ikkje noko mål for vegen vidare, men eg kjem ikkje til å slå meg til ro og seia meg nøgd med å spela i Tippeligaen. Eg vil utvikla meg vidare, ta steg for steg, og så får vi sjå kva mål eg etter kvart sett meg, seier Leik og smiler.