Matchvinnar mot Egersund
Medan Lysekloster snubla mot Vard-Haugesund ordna Fredrik Heggland Fana-siger mot Egersund.
- Det var viktig for oss med tre poeng i den kampen. No ligg me på sjetteplass over streken og har grep om 2. divisjonsbilletten for neste sesong, seier osingen.
Han har spelt dei to siste kampane frå start. Før det sleit han med ein leddbandskade.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg var vel ute i to månader. Eg har vore mykje skadd i mitt unge fotball-liv, humrar 20-åringen.
Ordna 2-0
Mot tabelltrear Egersund opna Fana sterkt. Etter at Christian Heimark ordna 1-0 fekk Heggland gleda av å skåra sitt første mål for fanabuane.
- Det var på retur etter eit frispark. Ballen spratt litt att og fram, før eg fekk ei tå på han og sette inn 2-0, fortel Heggland.
Egersund fekk sidan ei redusering, men fleire mål vart det ikkje.
- No har me Vard Haugesund borte og Frigg heime. Med siger i ein av dei kampane er plassen sikra. Eg trur me skal klara det.
Frydar seg ikkje
Kampen om å koma seg over streken i 2. divisjon avdeling 3 har tetta seg skikkeleg til dei siste rundane. Etter at Lysekloster tapte 0-1 for Vard Haugesund har både Vålerenga 2 og Fyllingsdalen passert lysefjordingane.
- Eg registrerer at Lysekloster ser ut til å falla av, men sjølv om eg er tidlegare Os-spelar, så er det ikkje slik at eg frydar meg over det. Lysekloster ser ut til å vera ute av form, og det er jo sjølvsagt leit for dei, seier Heggland.
Han har også fått med seg at Os får ein tøff sesongslutt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg følgjer jo med. No ligg dei framleis på fjerdeplass. Neste kamp heime mot Bjarg vert ein nøkkelkamp dei nesten må vinna, seier 20-åringen.
Tilbake til Brann
Etter denne sesongen skal Fredrik tilbake til Brann. Eitt års utleige til Fana har gjort osingen godt.
- Hovudmålet var å spela seg i godt gamalt slag igjen etter brotskaden eg fekk mot Åsane i fjor sommar. Det målet er nådd. Bortsett frå skaden no i sommar har eg spelt mange kampar og fått mykje naudsynt kamptrening på bra nivå, seier han.
I november møter han opp på trening med gamle lagkameratar i Idrettsveien i Bergen.
- Det blir kjekt. Eg håpar eg får ei skadefri og fin oppkøyring med gjengen, så må eg prøva så godt eg kan å visa meg verdig til å vera med i troppen utover neste sesong, seier osingen.
Han har kontrakt med Brann ut 2017.