Os-stoppar Endre Brenne seier seg nøgd med 1-1 borte mot Viking 2, og ikkje minst ein haustsesong der dei gul-svarte har teke 32 poeng og klatra opp på ein respektabel fjerdeplass. (Arkiv
Os-stoppar Endre Brenne seier seg nøgd med 1-1 borte mot Viking 2, og ikkje minst ein haustsesong der dei gul-svarte har teke 32 poeng og klatra opp på ein respektabel fjerdeplass. (Arkiv

Avslutta med uavgjort

10 sigrar, to uavgjort og eitt tap let seg høyra. Med Os A-lags sterke haust enda dei på fjerdeplass.

- Med 1-1 borte mot Viking 2 i dag enda me med 42 poeng. 32 av dei har me teke i haust. Det er rimeleg sjukt, ler Os-stoppar Endre Brenne.

Han er rimeleg nøgd med avslutningskampen mot Viking 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me gjekk opp i leiinga 1-0 etter vel 70 minutts spel. Dessverre laga eg ein straffe og gav Viking 2 dermed høve til å utlikna like før slutt. Litt surt, men alt i alt eit ok resultat, seier Brenne.

Velfortent kvil

Målskårar for Os var Anders Havsgård. Ungdomen skåra sitt første for for A-laget.

- Det var morosamt for Anders. Elles må eg få skryta av Torgeir Lunde som spelte frå start som offensiv midtbane. Han var kjempegod. Blant våre beste, rosar Brenne.

Os-spelarane tek seg no ein velfortent kvil i eit par veker. Deretter starter oppkøyringa til neste sesong.

- Me gler oss både til kvilen og til oppstarten igjen. Eg trur me skal få eit veldig bra lag neste sesong, seier Os-stopparen.

Han hadde sjølvsagt fått med seg at Lysekloster rykkte opp laurdag ettermiddag.

- Eg må berre få gratulera dei. Det er ein flott prestasjon. Neste sesong kjem me gjerne etter, avsluttar Brenne.